torsdag 9. mai 2013

Ingen gjemt og ingen glemt....


Kjære du mi Kari ...
Eg klarte jo ikkje å få med alle bilda eg tok igår kveld, men at du får ditt eige innlegg, syns eg gjer ikkje det slag. Kari er den i klubben vår som lagar dei store teppa. Dette er kome til quiltinga og av alle ting er ho ein "resar" på håndsaum. Bilda mine blei litt uklare, men de ser kor flott dette teppet blir og at det blir eit nytt bilde til hausten, der teppet nok er heilt ferdig. Kari er her i full gang med å forklare kva ho held på med.
Ho kunne ellers fortelja oss at ho har bestilt seg  ,long arm maskin, frå TEXAS. Du store verden, dette blir spennande.



Restlageret til Kari har og begynt å minke, heldige ho. Her har ho sydd lapper/blokker ut av restar. Flygande gjess og i slike glade, glade fargar.
Og så er det snart sommar, men gjer som Kari,om enn du ikkje skal på båttur, ta quiltearbeidet ut i hagen om det skulle bli ver til det.

Gloppen Lappe-og Quilteklubb med hyggjeleg avslutning for sesongen, onsdag 8. mai 2013.


              Og så kjempelurt av styret og leggje den til, Antikk & Rariteter.

Der fekk vi ei koseleg samling, med kjempemasse flott å sjå av alle slag, frå møblar til dukar, dukkesenger, små søte støvler og mykje, mykje meir. Du som ikkje har vore der, bør absolutt ta turen dit, men du, ha god tid, for det er så mykje flott å sjå.


Og her er eigaren av Antikk & Rariteter, Åse Moen, ilag med ein av dei trufaste medlemmane våre, Anna Henden. Åse fortalde oss ein del om produkta og også nokre tips viss vi skulle handle antikviteter, eller ekte varer. Dessuten diska ho opp, med gode hjelperar, med vaffler, frukt og is, kaffi og te. Ei flott kosestund.
Takk til deg Åse.


                                          Her kan de sjå korleis det ser ut i ein del av låven.


Så mykje flott på ein plass og så mykje arbeid nedlagt i dette. Vi er imponerte heile gjengen.



Eg, Liv, handla ikkje stoff, dukar eller blonder denne gongen. Eg klarte å styre unna, men no veit eg at det er mykje spennande å finna der. Eg kjøpte meg istadenfor desse fine tekoppane.

Eg syns dei er kjempefine og passer til mine Porsgrund kaffikoppar.


Så var det tid for viss og fortell. 
Margrethe har laga denne sminkepungen av eige laga stoff, ved bruk av solvy. Kanskje ho vil ta eit kurs til hausten. Det er kjempekjekt å lage, så her må de melde frå om interessa er der.


Anna har laga ei sybok(eg måtte snu bilde feil vei, for eg hadde jammen klart å ta bilde av den, opp ned).
Flott stichery og forseggjort.


Slik ser den ut inni. Eige mønster design?


Kari har sydd dette teppet. Sydd av firkanter som er delte og blokker sydd på avispapir.


Flotte grøne og lyse fargar i dette teppet. Vårleg og fint.


Solveig sin løpar. Trur det var ei gåve, ei flott gåve, som ein berre må bli glad av for å få.


Stichery gjer seg utruleg flott. 


Tepper som varmer treng alltid teppe til sin aksjon. Dette teppet skal Solveig gje til dei. Så flotte motiv gjer det til eit koseteppe for ein liten venn, som trenge det spesielt. Du er flink Solveig.


Solveig har også laga denne klekypehalderen, og mønsteret kjem frå eit eldre Quiltemagasin.
Godt å vite kor ein finne kleklypene, når klesvasken skal på snora.


Og Solveig var med då vi hadde kurs med Hanne. Ho har sydd, Dear Jane blokker, og sett saman ruter av heile stoff imellom. Dette blir fint på veggen.


Liv har laga duk etter AnnaKa mønster og har brukt sommerlege stoff, noko kjøpt med Berit Mjåseth, då ho var her og ein del frå eige"lager". Ellers brukt nokre småbrikker, som er delt opp, både hekla og nupperelle brikker. Gamle blonder har også fått sin plass på denne duken. Og knappar.


Liv blir inspirert av Margrethe og kanskje omvendt, men på sygruppa Zting laga vi nytt stoff  med solvy og det måtte prøvast.Her kan ein få brukt opp litt av kvart.
På dette bilde er det laga toaletteveske, sminkepung, smykkeetui(mønster i siste Quiltemagasinet) og to lommebøker. Mykje restar av svart lin, bomullstoff m.m. er brukt i kombinasjon med "solvystoffet".


Her ser de andre sida på toalettveska og sminkepungen. Ellers kan de her sjå at det er sydd 3 lommer til å putte smykkene i og så er det laga ei pølse med trykknapp(viser ikkje på det svarte stoffet)som kan opnast og lukkast, slik at ein kan ha ringar, øyredobbar inn på.


Då Berit Mjåseth var her, hadde ho med seg ei veske som lignar på denne. Ho hadde ikkje mønster, men vi kunne få kjøpa i metervis, eg kallar  det pølser, som ein kunne ha i øverste kant på veska. Det blei gjort og eg, Liv har lag eige mønster, som eg er eigentleg veldig fornøgd med.
Ei dongerylomme fekk plass på utsida, brikke og buksemerke m.m. Linninga av buksa er brukt øverst på veska.


Andre sida på veska, pynta med ei heklabrikke, motivstoff av ei sprek dame og rose frå ein kjole. Legg merke til det tøffe avlagte smykke på eine sida. Det er berre fantasien som set grenser. Inni veska er ei stor innerlomme med glidelås. Så dongeryveske kurs, kan det så avgjort bli til hausten Sonja.


Siste Quiltemagasinet hadde ein del mønster, som er verd å prøva, mellom anna mønster laga av Bente Vold Klausens, Converse veske. Spennande å sy og flott resultat. (Kan kanskje vera ein liten feil i mønsteret. Eg har ikkje fått det sjekka opp endå, men ver obs om du syr den.)


Converse veska skulle passa perfekt til kvardagsantrekket. Denne er sydd av ei avlagt dongerybukse og linninga er blitt skulderreim. Fora med det eg kallar retrostoff. Avlagt sommarskjørt.

Så ha ein fortreffeleg sommar alle sammen og takk for ein triveleg kveld ilag. Spesiell takk til styret som laga til. Det er flott å bruke det vi har i bygda.




torsdag 25. april 2013

Våravslutning, medlemspengar og Go-kuttar.


8. mai vert det avslutting av vårsesongen hjå Åse Moen på Antikk og Rarieteter.
Tidspunkt: kl 18 til kl. 22.
Pris for bevertning: kr. 80 (hugs kontantar).
Ta med vis og fortel!
Biletet er lånt frå heimesida, sjå lenkje over.


Medlemspengar!
Ein minner om medlemspengane. Det er viktig å få dei inn no før sommaren, slik at ein kan få oppdatert medlemslista. Kontingenten er som før kr. 150. Kontonr. står i venstre marg.

Det nye styret er konstituert, og ei førebels liste over haustaktivitetar er også på plass.


Eg har eksperimentert litt med Go-kuttaren, og her er eitt av resultata. Blokka heiter Winding Roads, eller vinglete vegar. Ho er litt vinglete å sy og..., men kuttinga gjekk som smurt. 
Meir om forsøka på Lappetausa.
Eg vil absolutt anbefale å prøve denne hendige maskina.

Tur til Bergen
Ein planlegg ein Bergenstur 19. - 20. oktober, med besøk på Quiltekroken og gjerne teater/revy el. liknande.

Dear Jane
Ein planlegg også ein Dear Jane-klubb til hausten.

Då vil eg ønskje alle medlemmane ein riktig fin vår!
Helsing Elin.

lørdag 6. april 2013

Sygruppa Zting 5.april 2013

Litt nytt frå sygruppa Zting.



Sygruppa var samla fredag ettermiddag og kveld ilag med Liv  og Margrethe.
Og her ser de løparen til Elise, som er laga i påske og sommarfargar i mursteinsteknikk.




Kari Anne sin løpar blir slik og får grøn lukkekant.



Kari Anne laga seg 4 stk. nierblokker og har sett det saman slik at det blir framstykke på ein pute.




Elise har sydd to nierblokker og ei skeiv log cabin blokk, som ho har sett i midten og laga ein løpar av dei. 



Så har jentene prøvd å laga sitt eige stoff ved hjelp av ,solvy. Dette er faktisk kjempegøy, eg, Liv har berre prøvd det ein gong, men dette skal nok gjerast fleire gongar. Ein fin klubbaktivitet,også. Tek litt tid å sy, slik at alt heng saman, men litt utfordringar må vi ha. Skal bli toalettveske/sminkepung av dette.

Sjølv om vårt nye hefte,Kreativ saum, er trykt opp, har vi i år laga ein del blokker, som jentene får velja kva dei skal brukast til. Dei er vidarekomne og som i alle prosjekt i 4H, kan ein og laga eigne prosjekt utifrå eit prosjekthefte.



Og så er det alltid like kjekt og ikkje minst supergodt, når Ingrid har laga cup cakes til oss. Litt ny energi medan vi syr, er viktig.






Bilder frå klubbkvelden 3. april 2013.

Her kjem fleire bilder frå klubbkvelden vår, der vi hadde Karen Grov på besøk.


Sjå kor flotte dokker Karen har laga.




Som de ser fekk vi besøk av påskeharen,og, eller eg trur det var påskeKaren.
Ein blir no berre så glad av å sjå på den.


Skal vi seie,Sauer er ålreite dyr?? Denne er no kjempeflott.


Ein badeengel, ventar på tur for å kome på badet. Ser de den flotte badekåpa? Kva kan ikkje eit fleecepledd brukast til?


Dette må vera go,kokken. Ein slik burde alle ha på kjøkkenet! Fint med hjelp når ein skal baka.


Og så var det t-skei kjerringa. Her har og kvalane fått plass, både den store og babykvalane.


Å, laga slike små dokker må vera kjempe vanskeleg, men fine er dei.
Takk enno ein gong til Karen som kom og gav oss inspirasjon, trur nok vi er fleire som vil prøva å sy dokker etterkvart.


SÅ VAR DET VIS OG FORTEL.


Arnfrid har laga desse tre flotte dokkene. Nydelige kjolar på og dei er supre på håret. 

Endå eit bilde av to av dokkene til Arnfrid.


Også Annlaug har laga seg ei Tilda dokke. Så fin og så flotte og slanke bein. Ho her skal nok ut på by,n ein tur.


Janne viste oss bakeklede sitt. Sjølv gjærbaksten blir stelt godt med der i heimen.
På baksida har ho montert plast, slik at der kan ein berre tørke av, om deigen skulle sitte litt fast.


Margrethe har laga mange spisbrikker. Her ser de ei av dei, i fine raudfarga stoff.


Margrethe sitt Buggy-barn teppe er ferdig quilta og montert. Nydelige fargar. 



Trur dette er Inger sin løpar i twister-teknikk.Fine avstemte fargar.


Inger viste oss mange ting ho har laga denne gangen. Ho vil ha eit lite lagar som ho kan gje til bursdagar eller andre spesielle dagar. Lurt det. Her er toalettvesker i fleire variantar. 


Toalettveske også Inger si. Nederste delen er det garn som er sydd på stoffet. Spennande.


Denne fine posen som Inger har laga kan brukast til så mangt,m.a. bunadskjorta.


Toalettveske made by Inger.


Ingers lille sminkepung. Sydd i epleskrot teknikk. Håndsaum og quilta på maskin. 


Sol har laga løpar av møbelstoff. Ho har sett saman forskjellige prøvelappar og pynta med blonder som passar til.


Eit nærbilde av den fine løparen til Sol. Ho har brukt bomullstoff til lukkekant.


Grethe R. viste oss sine fine spisebrikke.


Blir kjekt å sitja å ete og drikke kaffi, med slike fine brikker.


Kanskje det blir fisk til middag idag??


Grethe R. har og laga dette flotte veggbildet. Eit AnnaKa mønster. 

Etter ei slik stund er nok vi alle blitt skikkeleg inspirert. Alltid like kjekt å sjå kva andre lagar og kor forskjellig det blir, alt etter val av farge og stoff.