
søndag 22. mars 2009
mandag 16. mars 2009
Nokre av Anna sine seinaste prosjekt!
Anna har sendt over nokre vakre bilete av dei siste prosjekta sine. Her er Kari Renolen sitt slumreteppe, mønsteret kan kjøpast her. Anna har brukt mange restestoff, men også sjølvfarga, plantefarga stoff (bjørkeblad).
Eksklusivt bakstykke, nydeleg batikk frå Marie Brendefur. Slumreteppet har bomullsfor.
Nydeleg pute i Square Dance, ein presang til ein heldig mottakar ein eller annan stad i landet.
Stitchery med ramme av stripesett i same fargar som broderitråden.
Send gjerne inn bilete til bloggen!Dei som blir tekne på klubbmøta får ikkje same fine oppstilling.
søndag 15. mars 2009
Utstilling i Gamlebanken på Eid
Ati Ham Sas frå Selje har flott utstilling i Gamlebanken på Eid denne veka.
Vi er fleire frå klubben som har nytta høvet i helga til å sjå utstillinga.
Har du lyst å sjå desse arbeida, kan du til dømes reise ut onsdag mellom 12 og 16, torsdag eller fredag mellom 10 og 16 eller laurdag mellom 11 og 15. Viser elles til annonse i fredagsavisa.
torsdag 5. mars 2009
KLUBBMØTE - UFOKVELD

Første onsdagen i mars hadde vi ufo-kveld. Ufo står i denne samanhengen for uferdige objekt, og det har vi mange av nokon og einkvar i skuffer og skåp, men det var ikkje så veldig mange som kom fram i lyset denne kvelden. Her er kanskje den eldste uferdige, kva veit eg, men eg hugsar han stod i Familien for ein del år tilbake. Så flott at denne blir gjort ferdig, Kari!
Det var fleire som sydde ufoar denne kvelden, men det blei ikkje vist fram under vis og fortel, difor ingen bilete, beklager!
Det var fleire som sydde ufoar denne kvelden, men det blei ikkje vist fram under vis og fortel, difor ingen bilete, beklager!
Vi hadde også litt demonstrasjon i bruk av blogg og linkar, så no er det berre å skrive kommentarar, folkens....
På møta våre har vi alltid "Vis og fortel", og då tar vi runden, alle får vise det dei har med, enten det er ferdige arbeid eller prosjekt undervegs. Her har Anne teke med seg ei artig blokk frå eit teppe ho syr, og nedanfor er det heksene til AnnAKa som er under arbeid.
Sonja viser fram sin løpar frå Quiltemagasinet, her med blanding av silke og bomull. Skikkeleg tøft! Er det Wenche Martinsen som har designa denne?
Kari (ei av fleire i klubben med det namnet...) har alltid med seg flotte og originale ting. Her held ho fram Valentine-løparen ho har laga (til eit nyforelska par?) ...
Janne er i vognteppe-modus. Her har ho trylla fram to forskjellige, lyse og lekre, det første med vintagefoto på silkepapir. Knast!
Denne løparen har nydelege stitchery i begge endar, dei kom ikkje til sin rett på dette biletet.
Heksene til AnnAKa er populære, her er ein løpar som er heilt ferdig, og i lys variant. Svanhild er dama bak denne.
Elin synte fram Noah's Ark, ein BOM (block of the month) frå Lynette Anderson. Blokkene er temmeleg små. For dei som vil laste ned mønstrene til dette teppet, her er linken. Kan kanskje vere lurt, no som alle blokkene er utgitt, å sy saman alle før stitching, og gjerne ha grindverket rundt blokkene litt større. Det går jo også an å forstørre blokkene litt ved printing.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
