søndag 19. april 2009

Regionstreff i Førde

Denne søndagen har stått i lappeteknikken sitt teikn. Om lag 20 lappedamer frå Gloppen reiste til Førde og deltok i årets Sogn og Fjordane-treff. Ei av desse var så heldig å vinne hovudgevinsten, eit nydeleg raudt/kvitt sekskantteppe.
Gratulerer Ingeborg!
Dette flotte biletet av Oddvar Torsheim var gåva arrangørane ga Helle Løvenskjold, årets inspirasjonstalar. Under ligg eit arbeid i arbeid, eit kube/stjerneteppe, med bruk av ein spesiell linjal.

Helle heldt eit flott foredrag på nærare halvannan time, og med seg i koffertane hadde ho tepper i alle variantar. Denne fargerike dama viste oss sjenerøst av arbeida sine, blanda med sjølvironi morosame historier. Mange av arbeida finn ein i boka hennar, Lapper for enhver andledning, sjå her

Teppe i uvanleg design, sydd på papir.

Bull's Eye i romantiske fargar.

Stor løpar med blå hjarte, effektfullt!

Meir runde former i pastell.

Det er lett å sjå at Helle finn mykje av stoff-inspirasjonen sin frå Kathrines Quiltestue.


Blomar i Buggy Barn

Hus i Buggy Barn

Fleire viste interesse for kurs i Buggy Barn med Helle, både eidarar, glopparar og førdianarar, så det blir vel høve til å sy noko liknande om ein har mot til det!

Helle var på kurs i Sande hos Desiree for fleire år sidan med Jan Mullen. Her er hennar resultat.




Meir pastell (stoff frå Kathrine?)

Dette tofarga teppet er det mønster på i boka.


Bokstavleg tala eit overflødighetshorn i amerikansk stil.

Nydeleg teppe i bali-stoff, diverre eit utydeleg bilete her.



Utlodding

Nokre glimt frå utstillinga.

Patricia Iden


Her heng dei største teppa.
Denne duken er henta frå Helle si bok.

Tre generasjonar Rygg var på treffet, her er Dina med veska som bestemor har laga.

Nokre av arbeida i denne koselege kroken er Janne sine.

Desse store teppa er Elin, Anna og Kari sine.

Vi hadde ein triveleg dag i Førde, veret var nydeleg, vi fekk god mat, herleg betasupa, og i kafeen var fantastiske kaker til svært reduserte prisar!

Og i butikkane gjekk handelen godt, verka det som!

Neste år er det vi som skal arrangere. Her er det berre å starte planlegginga!

torsdag 2. april 2009

Første april - ingen narr!

Hugsar du japansk bretteteknikk? Dei ferskaste i klubben har ikkje vore borti denne teknikken. No er marknaden oversumd av japanske stoff og japanske quiltebøker (ikkje oversette til engelsk eingong, merkeleg nok). Vel, her er vi back to basic, og på maimøtet vårt skal vi ha små og store sakse-etui i denne bretteteknikken som klubbaktivitet. Det kan bli kjempegøy, som å finne tilbake til ein god gammal ven!
Etuiet kan lagast ut frå ei stor blokk, eller fire mindre blokker. Bakstykket kan ein sy saman av fleire stoff, som under her, eller ein kan ha eitt stoff åleine.
Dette er nokre av Anna sine sakse-etui.
Handkvilting er vel obligatorisk her, eller kva?
April-klubbaktiviteten var desse stjerneblokkene, her representert ved Marie sine. Dei manglar border eller kantar rundt, men dette ser veldig bra ut! Tenk det var heile 19 damer som svinga seg rundt med symaskiner på liten plass, og ....
...litt kø blei det både på skjære- og stryke-stasjonen, sjølv om mange hadde gjort leksa si og sydd saman remsene heime på førehand.
Enkel teknikk, med aha-opplevingar undervegs!
Pistolen til Sol, ho fekk han til jul, og er kjempefornøgd. Ho brukar han i staden for tråkling eller limspray. Siv på Lappestua på Eid har hatt han i hyllene sine lenge....
Vis og fortel blei det og tid til, sjølvsagt! Liv Ingunn har her 2 veldig spreke løparar, som burde ha fått betre bilete!

Kjellrun viser her fram ein skjønn løpar med blanding av broderi og lappeteknikk.
Dette stjerneteppet har Reidun (ja, ei av dei, har vi 3, eller?) sydd. Blanding av lappeteknikk og applikasjon. Nydeleg!
Er det Marie som skjuler seg bak haren? Dette er i alle høve ein påbegynt AnnaKa-løpar til påske. Han kjem ikkje heilt til sin rett her, men stoffa var berre heilt fantastiske.
No er bokstavteppet til Kari heilt ferdig. Klikk i biletet, og sjå om du får fram detaljane. Heilt sikkert "eige design" her!
To damer hadde vore på symaskinkurs og sydd vesker. Denne rosa godbiten skulle Reidun ha til veske til seg sjølv, men det enda opp som toalettveske til dottera.
Grethe hadde sydd blå veske på det same kurset. Lekker!
Ho har også laga eit stort lappeteppe, og brukt ferdig vattert bakstykke. Det var jo ein kjempeide!
Annlaug har fleire prinsesser ho er bestemor til. Her har ho sydd teppet frå Quiltemagasinet til vesle Selma. Beklager at biletet er uklart!
Ho har også laga dette artige biletet, i stitchery-utgåve.
Kari har laga det same i applikasjon. Er det ikkje artig kor forskjellig uttrykket blir?
Trur nok at begge desse damene har reint hus kvar dag, så om teksten passar, er kanskje ikkje så sikkert?
Annfrid viser fram ein nydeleg kreasjon. Kjem ikkje på i farten kven som har laga dette mønsteret.
Marie hadde squaredance som klubbaktivitet i haust, og her er ei flott blå utgåve i teknikken på veg til å bli ferdig.

onsdag 1. april 2009

"Vår-brikke"

1. april hadde vi vår-brikke som klubb-aktivitet. Vi hadde fått løyve frå dei som har laga mønsteret til å ha det som aktivitet utan å kjøpe kvar sitt mønster. Kanskje stripesett og oppkutting i diverse vinklar kan få ein renessansse? Moro er det i alle fall! Håpar alle dei 19 damene som sydde denne kvelden tek med seg ferdige brikker på maimøtet. Her skal syast på kantar rundt, og då blir det eit anna uttrykk.
Bilete frå vis og fortel blir lagt ut på bloggen ein av dei første dagane.