Vi kjem til å oppdatere litt på kurs som går andre stader. Eidarane inviterer oss gjerne med på kurs i lag med dei, dersom dei ikkje har fylt opp plassane til eigne medlemmar. Vi har berre eitt helgakurs føre jul, og det er allereie fullteikna med varafolk trippande i kulissane...
Men sjekk her: Har du lyst å gå på kurs same helga som Hanne kjem til oss, så tilbyd Nordfjord Lappe-og Quilteklubb søndagskurs med Randi Røys 8. nov. på Stokkenes Gjestegard. Dette er forøvrig den nye staden for klubbmøta på Eid, klubben har vakse seg stor og hadde trong for meir plass.
Gå inn på bloggen deira og finn detaljar om kurset her!
torsdag 8. oktober 2009
Oktober-møtet 2009
Tema for denne kvelden var "stitchery". Her ser vi kursmodellen til Hanne, som kjem til oss i november, og blant anna skal lære oss å sy denne toalettveska. Mange har "stitcha" tidlegare, men no var det fritt fram for urøynde å lukte på teknikken. Janne, som også guida oss gjennom dette emnet, hadde som vanleg med seg boksane med ferske stoff frå Primula. Takk til deg Janne, for at du tek deg det ekstra bryderiet til kvart møte! I tillegg stiller Annlaug opp med diverse vatt og utstyr til symaskinene, det er veldig bra!
To av medlemmane (i alle fall) syr på det store prosjektet frå Bronwyn Hayes som heiter The Songbirds. Du kan lese meir om dette prosjektet her.
eller i blåfargar her.
Då leiaren vår, Liv Ingunn, hadde elev på ungdomsskulen tidleg på 2000-talet, sydde ho dette flotte teppet med bilete av skulen og av alle elevane i klassa. Veldig kjekt at dette no heng i det rommet som Gloppen Lappe- og Quilteklubb no har møta og kursa sine!
Stemningsrapport!
Nokon ser på bøker, andre ser på stoff. Søgjen går....

Kven kan stå imot desse perlene av nokon klemmepungar? Inger har funne fram gamle, utbrukte tekstilar med affeksjonsverdi, og trylla fram desse!
Grethe sin maragaritt-løpar i raudfargar.
Kjellrun sin løpar med stitchery og lappeteknikk.
Neimen, her dukkar det opp fleire "vårløparar". Dette mønsteret frå Anne-Quilten slo verkeleg an her i klubben vår.
Sonja er på haust!
Marie har vore på Vestlandstreffet på Stord, og deltok på eit "drop-in-kurs". Denne søte saken fekk mange lyst å lage, det blir nok ein klubbaktivitet, skal du sjå!

Torill hadde fått gjort ferdig Kaffe-teppet sitt, og sydd ein artig løpar!

VIS OG FORTEL - SHOW AND TELL
Lurer på om nokon kjem til å sy slike i julefargar?
Solbjørg syr vesker.
Reidun har sydd 2 variantar av løparen til Ann i Quiltemagasinet. Dette blir nok ein slager i førjulstida!

Marianne har fått toalettveske-dilla, nydelege eksemplar!
Solveig sin nydelege haustløpar.
Og sjekk desse 2 veskene som Solveig har sydd, så mykje arbeid, og så flott resultat. Dette er vel vesker som klubben har hatt kurs i?
Tek sjansen på å kalle dei Mona-vesker...
Tek sjansen på å kalle dei Mona-vesker...
Anne let seg inspirere under Gøteborg-treffet, og er godt igong med denne artige varianten av log cabin. Her er alle remsene kutta nøyaktig til på førehand.
Vi gledar oss til å sjå det ferdige produktet!
Gloppetausene sine klubb-oppskrifter!
Marianne si kokos-kake
6 egg og 600 g sukker piskast til eggedosis. Smelte 100 g margarin, kok opp 4 dl melk, ha denne blandinga i eggedosisen. Blande 500 g kveitemjøl, 2 ts vaniljesukker og 4 ts bakepulver, sikte blandinga i det andre.
Dette skal no steikast i ei stor langpanne. Etter 30 min skal kaka takast ut. I mellomtida har du laga glasuren: 125 g kokos, 100 g margarin, 150 g brunt sukker, 1/2 dl melk - alt dette skal kokast opp i ei panne, og smørjast ut over den varme kaka. Så skal kaka steike 5 min. til!
Laila si gulrot-kake
Denne kaka er berekna til rund form, men kan aukast opp til skuffe-kake-storleik.
4 egg og 3 dl sukker - eggedosis
3 dl kveitemjøl, 2 ts natron, 2 ts kanel, 1 ts vaniljesukker, 100 g hakka valneter- blandast i
5 dl rivne gulrøter og 1/2 dl olje - ha i til slutt
Steike på 180 grader i ein time.
Glasuren:
1 stk philadelfiaost naturell, 150 g smør, 200 g melis, 1 ts vaniljesukker
Abonner på:
Innlegg (Atom)