fredag 6. februar 2009

Gloppetausene på nett!

Velkomne til Gloppen Lappe- og Quilteklubb sin blogg!
Kari var ei av damene som starta opp klubben i 1998, og på siste klubbmøte viste ho fram dette nydelege Velkommen-biletet. Det høver vel midt i blinken på det aller første innlegget!
Her er fleire teknikkar tekne i bruk, og resultatet er berre nydeleg!
Anna er også ei av gründarane i klubben, ho er kanskje ei av dei flittigaste damene som er med. Her viser ho fram eit utruleg søtt engle-bilete. Heldig er den personen som får dette!
Henny har handla veskemønster og stoff på Lillehammer, og her er resultatet, ei svært føreseggjord og vakker veske.
Marianne har handsaumprosjekt frå Desiree. Dette kjem til å bli eit fantastisk blikkfang når blokkene er ferdig monterte.
Liv Ingunn har sydd denne kule løparen frå Quiltemagasinet.

Margrethe har vore på kurs med AnnaKa. Denne løparen i paintstick og stoff frå Primula er utruleg vakker.
Margrethe har "Festfin frøken" av Rie Norum under arbeid. Ho bruker silke i den omvende applikasjonen. Vakkert....
Marie er komen langt på Butterfly Garden frå Quiltegården.
Leanne Beaslsy er namnet på designaren. Ho er kanskje ein av Australia sine mest profilerte og verdsette designarar. Quiltegården leverer dette månadsteppet i nydelege grå/blå nyansar. Her er kombinasjon av lappeteknikk, applikasjon og stitcery.

Elin synte fram den ferdige Sylvia's Bridal Sampler, som er henta frå denne romanen. Klikk her og sjå skisse av alle dei 140 blokkene (klikk på blocks i høgre marg når du er inne på sida). Jennifer Chiaverini si bok med alle mønstra kjem i april i tillegg til den nyaste romanen om Sylvia og alle vennene hennar!
Tema for klubbkvelden onsdag 4. februar var dongeri.
Her viser medlemmane fram ferdige prosjekt og prosjekt under arbeid.

Først ut er Janne, som held på med ei kjempekul veske av eit gammalt skjørt. Vintage-biletet har ho sjølv printa ut på stoff. Denne dama er også ei som boblar over av fiffige idear og klarer å setje dei ut i livet!
Jorunn viser fram denne artige syveska som har plass til det meste av matter og linjalar når ein skal på kurs eller møte.
Torill er ekte dongeridame. Ho har sydd flotte tepper til døtrene sine, og her er ho i gang med eit kvart, skal tru kva det skal bli?
Kjempesøte klemmepungar og eit praktisk brilleetui med klemmelås er noko av produksjonen til Torill. Her er idear å hente...
Begge dei store teppa har fleece på baksida. Det er veldig praktisk når ein lagar store ting av dongeri, sidan teppa kan ha ein tendens til å bli litt tunge i vekt.
Morosame motivstoff har og sneke seg inn i teppa.
"Sommarminner frå Hellas" er temaet på Kari nr. 2 sin flotte løpar.
Her viser ho fram teppet ho har sydd til sonen sin. Han er nok glad i fiskar og andre dyr frå det våte elementet. Veldig artig teppe!


7 kommentarer:

  1. Gratulerer til våre quiltenaboar i aust. Så kjekt at de også har fått blogg! Helsing bloggansvarlig i Nordfjord lappe- og quilteklubb.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med bloggen, er det Lappetausa som er redaktør?
    Eidabesta

    SvarSlett
  3. Å så mye flott dere lager:-) Ha ein fin og kreativ vår

    SvarSlett
  4. Heisann! Dette var jammen flott! Håper vi får ut masse fine bilder til inspirasjon for oss og andre lappe intereserte!
    Kari2.

    SvarSlett
  5. ho på hi sio av elva8. februar 2009 kl. 00:18

    Kjempeflott Elin,eg er så imponert,dette kan du.Og klubbdamene dine er berre kjempeflinke.

    SvarSlett
  6. Heia Gloppen dere er kreative som få her blir det inspirasjon og få.....lappehelsing frå Ingun

    SvarSlett
  7. Så moro for meg å se blokkene til Liv Gunn. Det er nemlig jeg som har designet dem :) Så flott! Skule gjerne set flere ferdige tepper med ulike fargevalg:)

    SvarSlett