torsdag 5. mars 2009

KLUBBMØTE - UFOKVELD


Første onsdagen i mars hadde vi ufo-kveld. Ufo står i denne samanhengen for uferdige objekt, og det har vi mange av nokon og einkvar i skuffer og skåp, men det var ikkje så veldig mange som kom fram i lyset denne kvelden. Her er kanskje den eldste uferdige, kva veit eg, men eg hugsar han stod i Familien for ein del år tilbake. Så flott at denne blir gjort ferdig, Kari!
Det var fleire som sydde ufoar denne kvelden, men det blei ikkje vist fram under vis og fortel, difor ingen bilete, beklager!

Vi hadde også litt demonstrasjon i bruk av blogg og linkar, så no er det berre å skrive kommentarar, folkens....

På møta våre har vi alltid "Vis og fortel", og då tar vi runden, alle får vise det dei har med, enten det er ferdige arbeid eller prosjekt undervegs. Her har Anne teke med seg ei artig blokk frå eit teppe ho syr, og nedanfor er det heksene til AnnAKa som er under arbeid.




På februarmøtet var det dongeri som var tema, og her viser Annlaug dei to flotte veskene ho har sydd i rufseteknikk. Skikkeleg føreseggjorde er dei, riktig til inspirasjon!


Og Kjellrun hadde sydd handlenett i rufseteknikk, og det eit par månader før konkurransen vår. Her fekk vi i alle fall litt idear til korleis løyse den oppgåva. Nettet er stort og godt, og har allereie vore flitt i bruk. Ikkje verst!



Reidun har sydd denne vakre løparen frå Quiltemagasinet. Utruleg vakker er han!



Sonja viser fram sin løpar frå Quiltemagasinet, her med blanding av silke og bomull. Skikkeleg tøft! Er det Wenche Martinsen som har designa denne?



Kari (ei av fleire i klubben med det namnet...) har alltid med seg flotte og originale ting. Her held ho fram Valentine-løparen ho har laga (til eit nyforelska par?) ...


Og her viser ho fram ein skatt av ei veske som mora hennar har brodert på ull, på andre sida er også 9 sentralornament. Utruleg vakkert. Er mora formingslærar og, skal tru? Det fekk vi ikkje vite...

Kari syr veldig personlege ting, her er det Eirik som får seg teppe. E for elg, I for isbjørn osb.....


Sol viser fram hekseløparen som ser nesten ferdig ut. Ho fortalde også om ei nyttig og grensesprengande julegåve ho hadde fått, nemleg ein "pistol" som tråklar. Tenk det! Håpar du tek han med på neste møte og demonstrerer han!



Janne er i vognteppe-modus. Her har ho trylla fram to forskjellige, lyse og lekre, det første med vintagefoto på silkepapir. Knast!


Og her eitt vognteppe med engle-applikasjon. Utruleg søtt. Den dama har dreisen på stoppefoten og, det er ikkje vanskeleg å sjå.


Nærbilete av engleapplikasjonen. Søt og morosam og original!



Denne løparen har nydelege stitchery i begge endar, dei kom ikkje til sin rett på dette biletet.


To jenter i klubben syr Butterfly-block-of-the-month-teppet, som blir levert frå Quiltegården i Trondheim. Her er det Marianne som syner fram den første blokka si. Vakkert...



Heksene til AnnAKa er populære, her er ein løpar som er heilt ferdig, og i lys variant. Svanhild er dama bak denne.


Og her er eit nærbilete av Svanhild sin alldeles lekre duk, han er temmeleg stor, og fylt opp av frihandskvilting. Ein må berre bøye seg i støvet for eit slikt bedårande arbeid.


Grethe har sydd ein tradisjonell Log Cabin-løpar i kjempelekre stoff. Vi er mange som er svake for dette mønsteret! Back to basic!


Anna viser her fram eit skikkeleg morosamt stitchery!


Og på PolarQuilt har ho kjøpt mønster til dette crazy log cabin-teppet. Ho har brukt masse restestoff, men også spandert av sine dyrebare, sjølvfarga stoff, mellom anna eit fantastisk lime-farga stoff (var det bjørk?). Kanten rundt er sagtenner, i crazy-stil det også. Burde få eit betre bilete av dette flotte teppet!


Inger held på å avslutte dette utruleg flotte teppet til Ella, barnebarnet sitt. Heldige jenta...



Elin synte fram Noah's Ark, ein BOM (block of the month) frå Lynette Anderson. Blokkene er temmeleg små. For dei som vil laste ned mønstrene til dette teppet, her er linken. Kan kanskje vere lurt, no som alle blokkene er utgitt, å sy saman alle før stitching, og gjerne ha grindverket rundt blokkene litt større. Det går jo også an å forstørre blokkene litt ved printing.



Redwork, stitchery med Lenes silketråd, "Home, sweet home", eit påskebrurepar skal få dette!


Til slutt: Her er brikka/brikkene dei som vil kan sy på aprilmøtet. Vårløpar frå AnneQuilten. Ho har gitt løyve til å vidareformidle mønsteret til klubben vår. Det kjem nytt innlegg om dette før 1. april.

2 kommentarer:

  1. Kjempe kjekt å se alt som blir gjort her på bloggen! Da har en tid til å studere i ro og mak.. Takk til deg Elin!
    Kari

    SvarSlett
  2. Dette er veldig flott, Elin. Ha ei god helg!
    Mvh Kari ES

    SvarSlett