lørdag 28. februar 2009

Stoppefoten på Eid

Veldig fint når klubb-medlemmer kjem med innspel, håpar på mange av dei!
Her er det Sol som har vore på kurs på Eid med Anne Beier Finnestad. Ho og dottera har laga desse vakre løparane.

Sidan mange eidarar var på kurset, linkar eg her til Laila, Haldis og Anne Marit, ivrige bloggarar frå Eid. Som vi ser blei det laga mange forskjellige ting, og det var nok spennande å prøve ut eit nytt kurslokale, Stokkens Gard. Siv Smørdal frå Lappestua arrangerte kurset.

Sol viser også til ein artig link frå USA, How to quilt, klikk deg inn, klikk vidare og vidare....

torsdag 26. februar 2009

Midtvekekurs i GLQ

Onsdag i vinterferieveka var 8 damer på plass på Austrheim skule for å lære seg kunsten å bruke paintstick. Margrethe underviste oss, ho er ein av klubben sine faste kursleiarar. Her er litt av utstyret som trengst, gode og fine fargestiftar.

Spente og konsentrerte deltakarar.

Og nedover sida her kan du sjå litt av det vi gjorde. Det blei berre prøvelappar, her må det fiksering til, først i luft, sidan med strykejarn, så vasking, før ein kan lage eit produkt av det. Blir spanande å sjå kva damene har med av ferdiglaga ting på møta framover våren!

Veldig lekkert å prege over farga stoff.





Skal tru kva som er brukt under stoffet her? Nabbiperler kanskje? Det er berre fantasien som set grenser over kva mønster ein kan lage. Blondegardiner er populært, likeså belter, nabbi-underlag, quiltesjablongar, sytråd, kroklisser, aluminiumsfolie, bobleplast.....

Sjablongar av ymse slag kan og nyttast. Då maler ein i staden for preging... Her er sjablong av frysepapir.

Ferdigkjøpte sjablongar i plast.

Kurs-kaka!

Kursleiaren diska opp med mat og drikke. Denne gulrotkaka med valneter, rosiner og syrleg ostekrem med tørka kornblomster frå Høgt og vilt stod til terningkast 6.



fredag 20. februar 2009

Uhøgtidleg, men nyttig konkurranse i klubben!



Vi minner om handlenett-konkurransen som er blitt utlyst. Er du igong med planlegginga og syinga? Tenk på at du får både bruke fantasien din og lage noko skikkeleg nyttig for miljøet! Lag gjerne fleire nett når du først er i farta! Og premien er svært bra, 5 stk. 50centimetarar frå Primula Design, etter eige val. Lever nettet/a til leiaren innan maimøtet. Det er deltakarane på mai-møtet som vel ein vinnar.

Bøker i biblioteket: Har du bøker liggande heime? Ver snill å ta dei med på neste samling, slik at vi får ei oversikt. Som nemnt på forige møte vurderer ein no kva ein skal gjere med boksamlinga i framtida, fleire alternativ er nemnde, og ingenting er bestemt enno.

Hugs paintstick-kurset onsdag i vinterferieveka!

På marsmøtet vil dei som ønskjer det få rettleiing i bruk av, bloggen. Austrheim skule stiller maskiner til disposisjon, og det takkar vi for!

Elles så ventar vi på innbyding til regionstreffet i Førde. Vonar det er i kjømda før marsmøtet.

Obs, oppdatering: Fann skjema for regionstreffet på Luster si heimeside. Ser at det er Helle Løvenskjold som skal halde foredrag. Det var ei positiv overrasking!

fredag 6. februar 2009

Gloppetausene på nett!

Velkomne til Gloppen Lappe- og Quilteklubb sin blogg!
Kari var ei av damene som starta opp klubben i 1998, og på siste klubbmøte viste ho fram dette nydelege Velkommen-biletet. Det høver vel midt i blinken på det aller første innlegget!
Her er fleire teknikkar tekne i bruk, og resultatet er berre nydeleg!
Anna er også ei av gründarane i klubben, ho er kanskje ei av dei flittigaste damene som er med. Her viser ho fram eit utruleg søtt engle-bilete. Heldig er den personen som får dette!
Henny har handla veskemønster og stoff på Lillehammer, og her er resultatet, ei svært føreseggjord og vakker veske.
Marianne har handsaumprosjekt frå Desiree. Dette kjem til å bli eit fantastisk blikkfang når blokkene er ferdig monterte.
Liv Ingunn har sydd denne kule løparen frå Quiltemagasinet.

Margrethe har vore på kurs med AnnaKa. Denne løparen i paintstick og stoff frå Primula er utruleg vakker.
Margrethe har "Festfin frøken" av Rie Norum under arbeid. Ho bruker silke i den omvende applikasjonen. Vakkert....
Marie er komen langt på Butterfly Garden frå Quiltegården.
Leanne Beaslsy er namnet på designaren. Ho er kanskje ein av Australia sine mest profilerte og verdsette designarar. Quiltegården leverer dette månadsteppet i nydelege grå/blå nyansar. Her er kombinasjon av lappeteknikk, applikasjon og stitcery.

Elin synte fram den ferdige Sylvia's Bridal Sampler, som er henta frå denne romanen. Klikk her og sjå skisse av alle dei 140 blokkene (klikk på blocks i høgre marg når du er inne på sida). Jennifer Chiaverini si bok med alle mønstra kjem i april i tillegg til den nyaste romanen om Sylvia og alle vennene hennar!
Tema for klubbkvelden onsdag 4. februar var dongeri.
Her viser medlemmane fram ferdige prosjekt og prosjekt under arbeid.

Først ut er Janne, som held på med ei kjempekul veske av eit gammalt skjørt. Vintage-biletet har ho sjølv printa ut på stoff. Denne dama er også ei som boblar over av fiffige idear og klarer å setje dei ut i livet!
Jorunn viser fram denne artige syveska som har plass til det meste av matter og linjalar når ein skal på kurs eller møte.
Torill er ekte dongeridame. Ho har sydd flotte tepper til døtrene sine, og her er ho i gang med eit kvart, skal tru kva det skal bli?
Kjempesøte klemmepungar og eit praktisk brilleetui med klemmelås er noko av produksjonen til Torill. Her er idear å hente...
Begge dei store teppa har fleece på baksida. Det er veldig praktisk når ein lagar store ting av dongeri, sidan teppa kan ha ein tendens til å bli litt tunge i vekt.
Morosame motivstoff har og sneke seg inn i teppa.
"Sommarminner frå Hellas" er temaet på Kari nr. 2 sin flotte løpar.
Her viser ho fram teppet ho har sydd til sonen sin. Han er nok glad i fiskar og andre dyr frå det våte elementet. Veldig artig teppe!