Enten ein vil det eller ei, så går tida no snøggfort mot desember og jul! Vi i styret har gleda av å invitere til eit litt annleis, men veldig avslappa medlemsmøte på ungdomsskulen
første onsdagen i desember, dvs. allereie den 2.
Du må gjerne ha med deg eit handarbeid! Og har du ikkje lyst å halde fingrane i aktivitet ein kveld, så er det lov og, berre kom og ver sosial! Vis og fortel må vi ha med oss, kanskje det blir ekstra mykje kaleidoskop i julestoff denne gongen?
Men prøv å hugse å ta med deg ei innpakka julegåve til verdi maks 50 kr. Det kan vere kva som helst, noko du sjølv kunne tenkje deg å få, gjerne heimelaga for den del.
Eit slikt mønster kan du vinne!
Vi har kjøpt inn nokre ekstra fine gevinstar til denne kvelden, 3 flotte stitchery av Bronwyn Hayes, dei er ein del av månadsteppet Gingham Girls frå Red Brolly (raude paraply). Blokkene er kjempefine ei og ei også. Bronwyn fortel i ein mail at ho bruker desse damene i forskjellige samanhengar, og at ho studerer bilete og bloggar for å få fram ansiktsuttrykk og handlag til quiltedamer, skikkeleg fornøyelege er dei!
Les gjerne meir om Bronwyn her. Visste du forresten at Gingham er namnet på eit veve bomullsstoff, gjerne rutete?
