søndag 7. mars 2010

Klubbmøte i mars


Her kjem bilete frå mars-møtet. Først eit nydeleg fellesteppe, mønster frå Quiltemagasinet, kvilta frå Gla'lappen.


Løpar på ein kveld, stadig fleire variantar av denne, dette er Solbjørg sin nydelege variant.
Her ein annan nydeleg variant med stemorsblomar. Reidun F. har laga denne. Og her er Solveig sin lilla variant.

Solveig har også laga dette teppet frå Quiltemagasinet, her i knyte-kvilting.


Inger, vår nye leiar, har gjort ferdig påfugl-teppet sitt, på sin eigen måte. Inger er veldig kreativ og lagar sine eigne vriar på ting. Kjempefint!!

Fornøyeleg bilete nr. 1: Solveig og Grete studerer Jorunn sin fine løpar.

Vognteppemodus: rosa variant.

Fornøyeleg bilete 2: Jorunn viser fram blått vognteppe, dette er berre sååå nydeleg.

Anna har også eit nydeleg vognteppe, men det skal synast fram når det er heilt ferdig, så det blir nok i april-innlegget!

Frodige hjarte!



Isroser, designa Bente Malm, sydd av Reidun M. Sol si artige vesle poseveske.

Ann Elisabet har laga eit herleg krabbeteppe, dongeri på baksida, lunt og godt.

Vi er minst 2 stykker i klubben som sparar stoffkjøpa til regionstreffet, vi er på stoff-diett, Liv Ingunn er blant dei. Her eit flott resteteppe, fleece bakstykke.

Vårløparen frå AnneQuilten er ein annan gjengangar i klubben vår, her er Liv Ingunn sine. Kjempekjekt mønster, relativt raskt å lage, fint resultat.

Her er det dei lysaste stoffa hennar som har fått eit innhogg. Ikkje så lett å få godt fram på bilete, lekkert resultat.

Påska er i anmarsj, kjem som julekvelden på kjerringa, berre vent og sjå!

Liv Ingunn er på forskot, har sydd høneløparen frå Quiltemagasinet. Design AnnAKa?

Janne har sydd smart liten sypose med nålepute festa til posen. Lekkert....



Ho er også flink til å prøve ut nye og annleis teknikkar, dette hjartet er filta på ei spesialmaskin, mange blå stoffrestar gjekk med her.

Kjempefine bilete! Kviltinga er gjort i hjarteformasjon.

Nok ein løpar, dette er også Janne sitt produkt.

Janne har hatt ein svært produktiv månad... Her har ho sydd Bente Malm-veske. Avisstoffet er kjempetøft!

Kaffekverna i ny variant, med striper i staden for ruter. Nydeleg. Det er Henny som har laga denne.

Marie har mange jarn i elden, her held ho på med ei nydeleg festremse. Sjekk det artige avblomstra-løvetann-stoffet! Her er brukt både omvendt applikasjon og stack and slash-teknikk.





Ho har også sydd stor toalettveske og nokre mindre pungar.


Annlaug kosar seg med trekantpungar i japansk teknikk, kanskje små smykkeposar til kofferten?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar