Årets foredragshaldar var Wenche Wolff Hatling. Ho ga oss ei interessant innføring i reproduksjonsstoff, bakgrunn, farge, mønster, historiske fakta, kort sagt: Back to basic! Dette er fagleg påfyll som kan setje hobbyen vår i perspektiv.
Dargate-boka var utruleg viktig for ettertida!
Wenche hadde fått tilsendt nokre antikke quilttoppar frå Helene Juul i Danmark. Dette var svært interessant å sjå, blokkene er dei same som vi syr no til dags, alle dei amerikanske blokkene har namn som har ei tyding. Denne blokka er Pinwheel eller Windmill, og som ein ser, så er ikkje alle blokkene sydd riktig. Somme stader er stoffbitane skøytte for å få nok.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar