fredag 3. september 2010

Ny sesong har starta!

Gloppen Lappe- og Quilteklubb har starta haustsesongen. Vi har alltid møta våre den første onsdagen i månaden, og i september blei det på den 1.
Det var kjekt å møtast igjen. Sist mange av oss var ilag, var på kurset med AnnaKa i juni.
VIS OG FORTEL Marie viser "restar" frå Roseteppet, som ho laga til utlodning på regionstreffet i april.

Janne held på med handsaum, dette er nok ein WISP, work in slow progress, det blir eit nydeleg blått sengeteppe til slutt. Grandmother's Flower Garden. Det geniale her, er at ho syr over frysepapir, slik at det er mjukt og føyeleg å arbeide med, samanlikna med papp.

Liv Ingunn har sydd fleire minnetepper etter inspirasjon frå AnnaKa.

Dette var vel innkjøpt på Quiltekroken i Bergen?

BH-toalettvesker
Frodige, fyrrige damer, Ann hadde med seg mange herlege sy-på-lappar i retrostil.



Laila med smykketeppet sitt. Janne med smykketeppet sitt.
Minneteppe
Annlaug sitt smykketeppe, baksida, genial løysing!
Framsida
Liv Ingunn sitt smykketeppe, mørk bakgrunn.
Solveig sitt smykketeppe.
Inger sitt smykketeppe, skikkeleg retro!

VESKER!
Vennskapsvesker har Inger sydd mange av. Neste klubbaktivitet blir slike vesker.

Liv Ingunn med ny veske.

Annlaug si søte miniveske.

Reidun har sydd veske etter mønster frå Mjåset i Askvoll.

Enda ei veske frå Liv Ingunn?

I staden for å putte prosjekta i veska etter vis og fortel, legg vi dei på bar-disken, slik at folk kan få studere i fred og ro.

Deilig mat som vanleg, har diverre ikkje oppskrifter denne gongen.

Lefsene er frå Mega, men ser veldig heimelaga ut, og smakar nydeleg. Sjekk det lekre retro-brettet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar