torsdag 3. februar 2011

Årsmøtet 2011

Onsdag 2. februar hadde vi årsmøte i klubben, og her er bilete av Jorunn og Elin (underteikna) som gjekk ut av styret, og Anna, som gjekk ut av valnemnda. Bilete av nytt styre kjem ved eit seinare høve, når dei har fått konstituert seg.

 Inger, vår noverande leiar, i lag med Janne, som forsyner oss med stoff frå Primula. Takk til Janne for denne ekstra servicen!

Vis og fortel:
 Kari S. viser fleire ufoar som ho har gjort ferdig sidan januarmøtet. Blokkene til dette fine teppet blei visst til under ei båtreise langs norskekysten for mange år sidan. Papirsydde plater, applikerte på ein bakgrunn.
 Ufo-pute i papirsaum.
 Endå ei ufo-pute i papirsaum, dette kom fram i lyset i samband med papirsaumtemaet vi hadde på januar-møtet. Ifølgje Kari er der fleire ufoar i skuffa, så dette kan bli spanande...
 Marie har sydd Bente Tufte sitt vognteppe, ein gut er visst under vegs!
 AnnaKa sitt vognteppe under arbeid, dette er Anne sitt.
 Så var det Lappetausa sitt bidrag til Vis og fortel, denne vesle kvilten blei til etter sy-saman-opplegg med ei amerikansk dame på denne bloggen http://cherylssew-alongpatterns.blogspot.com/
Cheryl har google oversetjar, så det går kanskje an å få studere det på tilnerma norsk... Vonar nokon kan bli inspirerte til å sy små blokker, det er veldig spanande!
 Janne har sydd små penal eller toalettvesker.
 Kari E. har vore med på Bonnie Hunter sitt mysterium, som starta opp sist i november, og ble avslørt rundt nyttår. Det var underteikna som tipsa ho om dette. Kari syr til vanleg berre eigendesigna ting, så dette var ei ny erfaring. Ho lærte mykje av det, seier ho, her er mange artige tips å fange opp. Lappetausa sitt mysterium har lang veg å gå før det kjem like langt som dette! Opprinneleg er teppet dobbelt så stort. Everything is bigger in America!   Bloggen har link til Bonnie si heimeside, der det er utruleg mykje artig, sjå alle scrappy-quiltane det er mønster på i høgre marg her.

 Dette er eit relativt sjeldant syn på våre kantar! Imponerande, Kari!
 Liv-Ingunn har laga nokre artige vesker, som ho vil halde kurs i på neste møte. Vi gledar oss!
 Anna har laga fin veske.
 Liv Ingunn si veske nr. 3?
 Torill B. lagar band til den søte, vesle veska si, metoden heiter trissing, og er visst ein gammal kunst. Snora blir veldig fast og god.
Og her er veska klar. Flott!
Beklager at mat-bordet ikkje blei fotografert, det var som vanleg herleg frambøre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar