tirsdag 28. juni 2011

Besøk av Gloppen Bygdekvinnelag

Fekk tlf. for nokre veker sidan frå Åse Ryssdal Sæther på vegne av Gloppen Bygdekvinnelag. Ho lurte på om vi kunne finne på noko ilag,- evt.at nokon frå klubben vår kunne kome på eit av møta deira og fortelje og vise litt. Dei ønskjer å ha gjenbruk som tema. Samtala enda ut med at eg inviterte dei til å vere med oss på klubbkvelden i oktober, då vi har sett opp restar som klubbaktivitet. Vi får ta igjen detaljane seinare, men trur dette kan bli eit kjekt møte!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar