onsdag 31. august 2011

Nytt frå styremøte hos Solveig

Her om kvelden hadde vi styremøte hos Solveig. Og ho viste oss den knallfine veska ho har laga, gamal dongeri, kombinert med litt nytt.
Så hadde ho laga "posar" til slike boksar som ein kan kjøpe med tennbrikettar oppi. Julegåvetips til dei som har alt ! Til og med mannfolk kan få slikt, men kanskje utan blondar....
Solveig hadde laga fleire slike, etter mønster frå siste nummer av Quiltemagasinet, og desse var mykje finare enn dei som var avbilda der.
Solveig tek dei med på neste møte,- så dette må de kome og sjå! Vi reknar med at de andre har laga mykje spennande også. Så no er vi spente på neste klubbmøte! 7.september vert det også papirsaum med Margrethe etter ønskjer frå fleire medlemar. Kanskje er det nokre som ikkje har prøvt dette, og kanskje er det nokre som treng eit puff for å kome i gang igjen? Ta med: symaskin, stoffrestar, linjal og blyant/penn. De kan få kjøpe vliselin med Margrethe, og ho har kopiert opp nokre mønster.
På klubbkvelden i oktober får vi besøk frå Gloppen Bygdekvinnelag. Då vert vi fire kaffivertinner, og elles køyrer same opplegg som ein vanleg klubbkveld, men oppmodar medlemane om å ta med seg arbeid ein har laga av restar. Vi utvekslar erfaringar med bruk av restar /gjenbruk eller redesign som det heiter på fint. Dette blir eit kjekt møte!
Så blir det endeleg kurs med Marie,- det gledar vi oss til! Tre onsdagar, første gong 14 september, frå kl 18.30. Marie fortel meir på klubbkvelden. Påmelding ved å betale kr 500,- til bankkontoen vår, eller direkte til Else.
I oktober vert det kurs med Annlaug,- då skal vi lage syskrin. Annlaug fortel meir på klubbkvelden.
Så minner vi om tur til Desiree og Åmot Operagard 30.oktober. Vi reiser frå Sandane kl 10.00, startar hjå Desiree med litt kaffi og knøys og ho held foredraget: "Lyst og ulyst i kvardagen". Så handlar vi det vi måtte ønskje, og reiser til Operagarden der vi har bestilt omvisning, velkomstdrykk (alkoholfri), koldtbord og kaffi. Vi må ha bindande påmelding, det skjer ved å betale kr 400,- for heile smetta til klubben innan 7 oktober. Styret håpar på god påmelding og ein strålande dag!
Så skal de få oppskrift på den utruleg gode og enkle kaka til Solveig,- men vi kan ikkje gje ut alle godsakene på ein gong, så den kjem ein annan kveld.
Vi snakkast damer!
Helsing oss i styret

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar