tirsdag 22. november 2011

Tulipankorg - klubbaktivitet onsdag 7.desember

På neste klubbkveld viser Annlaug oss tulipankorga frå Dorothy. Her treng du 2 stoff i full breidde a 20cm eller 4 stoff i nesten full breidde a 10 cm. Vi tykte kanskje at det var finast med 4 ulike stoff. 40cm vliselin eller platevatt. Det er fint med nokre knappar til pynt, som også festar ihop korga.
På denne raude er det brukt 4 ulike stoff.
Styret var samla i stova til Annlaug, og vi fekk lov til å dele nokre smakebitar frå den hyggelege heimen.


Kven ønskjer seg slikt syrom til jul?????

Her frå eit kurs for eindel år tilbake med Patricia. Sikkert mange som laga slike, og desse held seg godt!

Då serverer vi altså heimelaga urtegløgg, har med julepakke kvar og dei som vil tek med symaskina og er med på klubbaktiviteten. Vi delar også ut halvårsplan for 2012.
Vel møtt!

1 kommentar: