Det er blitt ei heil stund sidan klubbkvelden vår. Problemer med nettverk og litt ymse får ta skulda. Her er ialle fall nokre smakebitar frå det som vart vist.
Først ut er Marie sine vinterenglar.

Buggy Barn stjerner, kjempefine


Fleire klemmepungar,- etter inspirasjon frå novembermøtet

Sally har kattedilla. Kjempeartigt mønster


Anna har som alltid stor og spennande produksjon.

Denne veska var inspirert av Bettina sitt kurs i vår.

Så har Anna laga nydeleg rund duk, med gullbroderi og greier. Detaljane kjem ikkje godt fram på biletet.

Og så ein løpar i japanske stoff. Her er maskinquiltinga sydd med litt tjukk tråd. Det gjorde seg godt her.

Annlaug har produsert fleire boksar til tennbrikettar.

Liv Ingunn har laga fleire modellar som eignar seg til 4H gruppa. Skinndetaljane er prikken over i'en.

Krympestoff

Og skinndetaljar her også, + møbelstoffrestar


Kari S har laga denne nydelege etter inspirasjon frå quiltemagasinet. Den kan både vere jul og ikkje jul !

Og Nyfrid har laga koseleg bamseteppe

Og traktorteppe etter bestilling frå vesleguten, flott på avstand og på nært hold.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar