lørdag 7. januar 2012

Klubbkveld i januar

Takk for sist! Vi var ikkje så mange denne kvelden,- og den kom nok noko brått på for mange, etter storm og nyttårsfeiring og forskjelleg anna.
Underteikna klarte til og med å gløyme fotoapparatet,- så dette blir eit tynt innlegg. Så eg tok no eit bilete av produktet mitt etter kvelden,- ein ikkje overpynta pose. Eg trur eg vil lage fleire slike,- kjekke småpresangar, kan jo pyntast lite eller mykje alt etter kven som skal ha den.

Send meg gjerne fleire bilete av det de held på med no utover i januar,- så held vi liv i bloggen!

Høgdepunktet på kvelden var den nydelege maten. Dei som ikkje var der gjekk glipp av festakaka til Reidun,- den skal vi få oppskrift på, og aldeles fantastiske grove julebrød frå Anna. Alle som har høve bør prøve desse,- dei smeltar på tunga,- og ha gjerne meierismør og ost på, då er det berre å sitje og smatte og småsukke over kor godt vi har det.

Grove julebrød !

3 dl heilkorn, 1 dl linfrø og 1/2 l vatn ligg natta over.

50 g gjær
1/2 l vatn
1/2 sps salt
1 sps sukker
1 og 1/2 ts grov anis
1/2 dl smelta smør
2 og 1/2 dl kveitekli
1 kg kveitemjøl
rosiner etter smak

3 former (laus deig, treng ikkje formast på førehand)

Anna har fått oppskrifta med Kirsten Holvik Hauge

Lukke til!

1 kommentar:

  1. Hei! Vil bare minne om syhelga på ungdomsskulen.

    Vi startar fred. 13.jan kl.18.00Lør. begynner vi kl.11.00.Vel møtt til alle som vil kose seg med symaskina. Helsing Janne.

    SvarSlett