lørdag 4. februar 2012

Klubbkveld i februar

Mykje fint og spennande å sjå ! Ein blir aldeles overinspirert !

Her har Solveig laga AnnaKa toalettvesker, desse kjem vi til å sjå fleire av tenkjer eg,- dei skal vere raske og kjekke å sy!
Marit har laga ferdig crazy puta si, med dei fantastiske fargane!
Og her har ho sydd løpar og brikke til kjøkkenbordet til døtra si. Som ho sa; løparen kan brukast når der er ryddig,- og når bordet fløymer over av pc'ar, matrestar og aviser, så er det ikkje plass til meir enn den vesle runde.....
Sonja har hatt ein pangstart på det nye året,- var med på syhelg og har her laga AnnaKa kjøkkensett i deilege vårfargar !
Og her sommarveske frå Bente Malm,- så lekker!
Og Nyfrid er fortsatt i det crazy-hjørnet, rålekkert!
Grethe har laga knalltøffe spisebrikker,- etter inspirasjon frå AnnaKa og quiltemagasinet, berre det at desse var mykje finare!
Og Svanhild har laga AnnaKa teppe,- det er berre fint!
Solveig har laga praktisk og lekker kursveske,- også frå AnnaKa !
Kari S har laga nydeleg bilete,- med mykje smådill på, akkurat i Karistilen
Og Marie har laga spisebriller i nydelege blåstoff, desse synest ho var litt vanskeleg å få heilt nøyaktige
Og Liv Ingunn er som vanleg kreativ,- dei tøffe veskene !
Her nokre resultat frå forrige klubbaktivitet,- Else, Anne og sistemann hugsa eg ikkje,- sorry!
Og Kari E tek kaka ! Tusenvis av bitar,- heilt fantastisk, berre kanten manglar.
Det var ei stund sidan vi har sett Marianne, men ho produserer like lekre arbeid som før, denne lyse løparen skulle eigentleg bli sengeteppe,- men ein vond rygg fortalde Marianne at det var betre å lage fleire løparar i staden.
Her har Marianne laga ferdig roseløparen som vi hadde kurs på for nokre år sidan. Skikkeleg fin fargesamansetning
Og her har Primula med seg eksempel på Meshwork,- her i fleire fargar. På neste klubbkveld nøyer vi oss truleg med to fargar...., kan brukast til det meste,- Liv Ingunn hadde med seg ein løpar der ho hadde felt inn slike flettefelt,- men eg somla meg ikkje til å ta bilete av den.
Fleire eksempel frå Ingunn frå Primula, det var kjekt både å høyre og sjå. Dette er eige design.
På denne delte ho ut gratismønster,- Janne har også sydd slike. Nokon fleire?
Her har ho brukt ei spesiell linjal som gjer det heile ein del raskare,- og det blir nøyaktig!
Nytt mønster frå AnnaKa
Sjå her,- ikkje rart eg med fleire ikkje klarte å bestemme oss....
Eigen design frå Ingunn,- her har ho også brukt ein spesiell linjal
Og her,- nye mønster frå AnnaKa,- Eidarane skal forresten ha ho på besøk no i mars, heldiggrisane. Her er det quiltinga som gjer susen,- synest eg. Quilta tett i tett med flammetråd,- spennande effekt!
Og her,- fleire modellar til inspirasjon. Takk Ingunn for at du tok deg tid til å besøkje oss!



2 kommentarer:

  1. Tusen takk for flott innlegg, Inger! Det var nesten så eg VAR der.

    SvarSlett
  2. Det er kjempekjekt at Ingunn tek turen til oss. Vi blir oppdatert på nye hjelpemidler og får sjå mange lekre stoff og mønster. Ellers er det utruleg kor mange flinke damer vi har i klubben. Som Inger sa, vi blir overinspirert. Synd at vi ikkje har fleire timar å ta av.
    Quiltehelsing frå Liv.

    SvarSlett