onsdag 11. april 2012

Klubbmøte april

Aprilmøtet blei avvikla ei veke etter skjema, grunna påskehelga. Aktiviteten denne kvelden skulle vere framhald på Meshwork, men diverre blei Siv forhindra frå å kome og hjelpe oss. Men nokre av damene har knekt koden, her er det Laila som har klart det...
 ....og denne var det visst fleire som forbarma seg over
 Trur dette er  Sol sin.
 Kari sin flotte duk frå Hanne-kurset.
 Og ei anna Kari sitt teppe frå same kurset. No driv ho med handkvilting av denne flotte kvilten, sjekk den artige kanten rundt! Var det Badeball som var namnet?
 Dette er i alle fall Ugler i mosen!
 Motivstoff midt i blokka, stjerneblokk rundt, pluss nydelege firarblokker. Fargane veldig flotte!
 Her er juletreteppet til Anna, som ho har sydd i lag med Patricia Iden og resten av Janomedamene. Dette er verkeleg eit artig mønster, der ein ser både det eine og det andre.
 Edny har eit arsenal av gamle dukar, verkar det som. Her har ho trylla fram eit artig teppe, skikkeleg gjenbruk!
 Marit syr påskeløparar i Løpar på ein kveld-stil. Her er dei like fine på begge sider!

 Og dette krabbeteppet er heilt nydeleg, her er tradisjonelle blokker og applikasjon i skjønn foreining.
 Liven har funne fram tømmerkoie-blokkene sine, og sett dei saman på ein veldig snedig måte til ein stilig løpar. Dette var ein god ide!

 På Vestlandstreffet i Bergen sikra ho seg to nye veskemønster, og denne dama let ikkje mønstrene ligge ubrukte. Veldig fine vesker!

 Diverse pungar og brilleetui frå Janne si hand. 
 Meir Janne, dette hjartet i krympestoff blir mai-aktiviteten vår. Det kjem meir informasjon på bloggen seinare.

 Japansk bretteteknikk frem fra glemselen, og her er ein artig variant, denne skal vi lære til hausten.
 Inger kosar seg med hundeteppet til Lynette Anderson.
 Elin viste fram åttebladroseteppet sitt. Vi er 3 i klubben som har sydd dette teppet. Det blei ein del spørsmål kring denne BOM'en og om kviltinga. Sjekk her for meir info.

2 kommentarer:

  1. Så fint! Flott innlegg og mye inspirasjon å få på alle klubbkveldene våre!
    Fant en fin "saying" som jeg må dele i denne forbindelse:
    To live a creative life we must lose our fear of being wrong.

    Og det er så bra i klubben vår, ingenting er "wrong"
    Hilsen Kari E

    SvarSlett
  2. Flott innlegg, og masse inspirasjon!
    Helsing Inger

    SvarSlett