fredag 4. mai 2012

Mai-møtet, Buggy Barn og Dear Jane

Tema for mai-møtet var krympestoff. Her er nokre av resultata, søte hjarte.


Vis og fortel:
 Reidun frå Breim (ei av dei) viste fram fine toalettvesker og ei koppeveske.
 Sally har sydd alle blokkene i Kitten's Tale av Lynette Anderson, men har montert dei kvar for seg i staden for i eit heilt teppe. Smart!
 Grethe har sydd eit stort teppe etter kurset med Hanne.
 Ei anna Kari har sydd heilt ferdig eitt av arbeida frå kurset med Hanne.
 Og her har ho sydd ein ny kvilt, ein type ananasmønster?

 Masse bonus-blokker!
 Veska til Margrethe.
 Solveig hadde mykje å vise fram, her AnnaKa sitt teppe.


 Fleire løparar med nydeleg stitiching i stilkesting.





 Anna har sydd sunflower-nåleputer.

Kurs i oktober:
Klubben har fått avtale med Helle Løvenskjold om kurs i Buggy Barn-teknikken ei helg i oktober. Ho har fleire alternative mønstre, men deltakarane må vere einige om eitt mønster. Dette mønsteret må kjøpast før kurset. Om nokon reagerer på dette, så les bakpå eit kjøpemønster, t.d. av AnnaKa: "Enhver form for mangfoldiggjøring av mønsteret, uten samtykke fra meg, er ulovlig. Begrepet mangfoldiggjøring omfatter all form for kopiering, kursing (der hvor  kursdeltakere ikke har kjøpt hvert sitt mønster) og/eller publisering i massemedia, av mønstermateriale."  Ein ser her at når instruktøren underviserer i andre sine mønster, må det bli slik.

 Ein kan velge mellom 4 typar teppe: Hjarteteppe (dette biletet har Margrethe teke i Florø), katteteppe (modellen her er Helle sin), blomsterteppe (her er Åse Kjærland sitt uferdige teppe) eller stjerneteppe (her er eg ikkje sikker på kva type, då Buggy Barn har mange forskjellige stjerneteppe.



Dear Jane....Kjære Jane Stickle 


 Mange i klubben har fått sansen for blokk-sying. No har klubben kjøpt inn data- programvare til Dear Jane-kvilten. Med dette programmet kan ein "leike seg" med å designe sin eigen store eller vesle DJ-kvilt. Ein kan printe ut blokkmønstrene i mange storleikar, og legge på farge. Her er ein god del applikasjon i forskjellige variantar, pluss papirsying. Hanne Schneider er nok Dear Jane-eksperten her i landet, med gode kontaktar i USA og Canada. Det hadde vore moro om ho kunne halde eit kurs for oss, slik som ho gjorde det i Førde for nærare 3 år sidan. Der underviste ho også i ein annan kjend kvilt, Nearly Insane. Det finst også nokre online-stader der ein kan få hjelp i konstruksjonen av blokkene, til dømes hjå That Quilt.

Denne kvilten er verdskjend, og Brenda Papadakis har verkeleg hatt suksess med boka Dear Jane. Frå museet i Vermont teikna ho av alle blokkene på originalen. Quilten er vel ganske mytisk, i og med at ein ikkje veit noko særleg om Jane Stickle, men quilten er datert 1863, under borgarkrigen, og merka med kor mange delar der er: "In War Time 1863, Pieces 5602, Jane Stickle".
 Det er ei veldig kjekk bok, og kan t.d. kjøpast her. Dei to linjalane er vel eigentleg også eit must, om ein vil sy blokkene i originalstorleiken.

For dei som var på regionstreffet på Stårheim for nokre år sidan, der Hanne Schneider heldt foredrag, er det vel også kjent at Nordfjord Lappe- og Quilteklubb lodda ut fleire større og mindre variantar av dette teppet, i blått og kvitt, med blokkstorleik 6". Det var eit impnerande arbeid av medlemmane der!


Då har vi litt å tenkje på til hausten! Kanskje ein kunne ha ei blokk-gruppe for dei som er interesserte?

1 kommentar:

  1. Det var eit flott innlegg , Elin og oppklarande for alle, angåande mønster. Viss det ikkje blir kurs med Helle, så kan vi vel kjøpe inn mønster kvar for oss, og lage oss ei gruppe der vi syr ilag, dei som vil sy same teppet? Håpar det blir kurs.

    SvarSlett