fredag 31. august 2012

Vel møtt til haustsemesteret!


Vi startar opp att etter sommaren med første klubbmøte onsdag 5. september. Då viser Marie oss denne varianten av japansk bretteteknikk. Om du vil vere med på aktiviteten, så treng du stoffrestar, tynn platevatt og vanleg utstyr til handsaum.
Sjekk ut kven som skal ha med kaffi og mat denne kvelden.
Vel møtt!

PS: Kurset med Helle L. er avlyst. Men sjekk Førde Quiltelag som held kurs med same dama 28. og 29. september, dei har ledige plassar, sjå her.

Ein tek sikte på å ha nybyrjarkurs denne hausten. Elles så står halvårsplanen i venstre marg. Nokre ekstra godbitar blir det også.

Helsing styret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar