torsdag 7. februar 2013

Årsmøtet i Gloppen Lappe- og quilteklubb på Gloppen Ungdomskule onsdag 6. februarr 2013 kl. 18.15.

Leiar Marie Myklebust ønskte velkommen til årsmøtet, der ca. halvparten av medlemmane møtte.
Sakliste blei godkjent og gjennomgått. Då Annlaug og Torill T. skulle ut av styret, er Else Pernille og Laila nye i styret. Vi takker dei som har vore med i to år for godt utført arbeid og ynskjer dei nye velkommen.
Dei som gjekk ut av styret blei hedra med blomster og også nokre av oss andre fekk jammen kvar vår bukett for arbeidet med å lære barn/ungdom å sy.


Ellers hadde vi utloddning, god mat som vanleg og vis og fortel.

Kari har alltid med seg eit teppe å vise oss. Her har ho laga eit resteteppe, men sjølv om ho seier ho berre drar ut stoff av restekassa, så vi trur ho har ein plan , får fargane passar så fint  ilag. Skikkeleg gla teppe, med fleece på baksida.


Anna har lag toalettveske/sminkepung etter Anaka mønster og slike vil ho laga fleire av, spesielt etter at ho har funne ein supergod måte å få glideren på glidelåset. Nokon som har problem med det?? Spør Anna. ho er god læremeister.


Denne duken er det også Anna som er meister for. Marie hadde dette som ein klubbaktivitet tidlegare og er ein flott modell til både løpare, spisebrikker og puter.


Sol har  laga to toalettvesker og denne gangen har ho brukt tynn voksduk som for og då er det lett å tørka av når det trengs.

Støvlekatt. Kjempeartig og visst artig å sy. Sol har sydd denne. 


Sol har vore produktiv sidan sist og har her laga ei pute av ei tunika ho ikkje bruka.  Kjempefin og ein kjempeide for andre som har litt hengande i skapet, som tilfeldigvis ikkje blir brukt.


Arnfrid har sydd mange småhjerter, som ikkje heilt kjem til sin rett her, men dei er superfine. Ho har dei hengande på ei grein av ein vrihassel.


Anne har sydd teppe og dette er buggy barn mønster. 
Nydelege fargar.


Liv har sydd ei stor og god toalettvekse, pynta med stichery og applikert på veska med ei ramme, ellers pynta med blonder og mange, mange knappar.


Då Siv Smørdal(Englund?) var med oss, lærte vi denne fletteteknikken som er midt på toalettveska. Også denne toalettveska er pynta med blonder og ein superfin knapp.



Løpar som Liv har laga som prøvemodell til 4H-prosjektet.
I midten er det brukt eit blomstermotiv, som ein gong for lenge,lenge sidan vi hadde som klubbaktivitet på Austrheim(Nordstranda) skule med Margrethe. Her er det sydd med skeiv log cabin og papirsaum.


Ein liten prøvelapp, vannglas stansa ut på stansemaskina klubben har gått til innkjøp av. Blir heilt nøyaktig og enkelt å sy saman. På klubbkveldane kan ein bruke denne stansemaskina og her er fleire mønster/sjablogar å velja i. Kvadrat, trekantar,m.m. Superfin til å sy enkle resteteppe med. 













1 kommentar:

  1. Veldig kjekt innlegg, Liv Ingunn! Skulle berre mangle at de ikkje skulle få ei lita oppmuntring i høve barne- og ungdomsarbeidet! Nye, kjekke damer inn i styret, bra! Må ha meg ein glidarprat med Anna! Og så har eg lyst å stanse ut desse blokkene. Mange flotte arbeid blir viste her, takk, Liv Ingunn!

    SvarSlett