lørdag 2. februar 2013


SYGRUPPA ZTING.





Litt nytt frå sygruppa Zting, som har starta sitt 4H-prosjekt også i 2013.
I år er det Margrethe og Liv som har ansvar for sykveldane. I fjor hadde vi 11 jenter med oss, men i år har vi no 3 stykker. Vi håpar det snart blir fleire med, iallefall ein 3-4 til.
Sidan det er viderekomne jenter, også ho som er ny, har vi i år bestemt oss for at vi først skal sy 9 blokker, og som de ser er den første skeiv/skrå log cabin, med motiv i midten.
Jentene skal sjølv få bestemme kva ferdig produkt dei vil bruke blokkene til.







Vi har hatt to fredags ettermiddagar med jentene og  andre kvelden 1. februar lærte Margrethe oss å sy katedralvindu. Også Liv fekk seg nokre aha opplevelsar her, så kanskje litt mindre skeptisk no. Det skal nok prøvast om litt.

Vi skal også sy blokker med applikajon, papirsaum, vanleg log cabin, bruke solvie(ikkje sikker på skrivemåten her), nierblokk, tråd/med sikksakk og så held dei på med stichery. I år er det litt meir heimelekse for jentene, men det ser ut til å gå bra..



Skulle snudd desse bilda, men dåke ser at vi i sygruppa Zting er så kjempeheldige og får servert cupcakes av Ingrid S. K. på kveldane våre. Det er hennar 4H prosjekt og det syns vi er heilt fantastisk. Litt kos må vi ha, akkurat som i Quilteklubben.


I sygruppa ifjor sydde jentene kvar si applikerte hjerteblokk og så har vi ikkje hatt tida å sy dei saman. Men no er det gjort med det eine teppet og snart er nok det andre teppet , som er blått også klart. Desse teppa har vi tenkt å gi bort til dei som låner oss lokale til kveldane våre. Vi håper dei blir glade og kjem tilbake med bilder når det er klart for overlevering.


Eg må berre få reklamere for desse hjertene. Det er Mona Vekst som lagar desse og eg syns dei er berre så fine. Prisen er ca 40.- -60.- . Snart morsdag og er supre til å henge på ein blomst, som du gir bort.
Flotte ord og uttrykk på ein liten lapp og på desse står det:
Dei vakraste ting i livet kan ikkje sjåast eller rørast.
Dei må følast i hjertet.

Og på det andre fin du dette:
Livet består av øyeblikk!
NYT DET!







2 kommentarer:

  1. Flott, Liv Ingunn! Så kjekt at du tek på deg å vere medbloggar. Då vonar eg du tek oppdraget på neste møte, eg blir der ikkje, sjølv om eg gjerne skulle.

    SvarSlett
  2. Det skal eg gjere Elin.
    mvh Liv I.

    SvarSlett