tirsdag 28. mai 2013

Sygruppa ZTING. Avslutningsmøte 22. mai 2013


Her ser de teppa jentene i sygryppa Zting 2012 har vore med å laga. Dei sydde kvar si hjerteblokk+, og så har Margrethe og Liv sydd saman kvar sitt teppe.  Breim Skule og Gloppen Ungdomsskule blir dei heldige eigarane av desse teppa. Gloppen Ungdomsskule veit eg har fått sitt og blei svært glade for det.Kari Anne og Kristine har fått ansvar for å llevere desse teppa på vegne av gruppa. Desse teppa har vi laga som takk for at vi får bruke skulane til prosjekta, vi har gjennomført.


 Då vi starta dette prosjektet i 2013, bestemte vi(Margrethe og Liv) at vi skulle sy 9  forskjellige blokker. Vi skifta meining, og jentene som har vore med har fått bestemt sjølv kva kvar blokk skal brukast til.
Her har Kari Anne sydd saman 4 blokker som skal bli eit flott teppe på veggen. Blokkene ho har brukt i dette teppet er, katedralvind, stichery, skeiv log cabin, sydd på papir og ei blokk av solvy.


Kari Anne si applikasjonsblokk er blitt ein koseleg pute.


Elise sydde permomslag av si applikasjonsblokk.


Mug rug sydd av Kari Anne.


Stichery blokka til Elise, som har fått ramme av svart bomullsstoff og solvystoff. Flott ikkje sant???


Elise sin mug rugs. Jentene må også ha bussjett og rekneskap i oppgåva si. Godt at ikkje quiltedamene må ha det. 


Katedralvindusblokka til Elise har blitt ein fin pute.

Så var dei ferdig med prosjektet sitt. Berre litt skrive arbeid att.
No har vi fått heftet vårt, så neste gruppe må følgja det heftet og då ynskjer vi dei som ikkje har sydd så mykje før.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar