fredag 20. februar 2009

Uhøgtidleg, men nyttig konkurranse i klubben!



Vi minner om handlenett-konkurransen som er blitt utlyst. Er du igong med planlegginga og syinga? Tenk på at du får både bruke fantasien din og lage noko skikkeleg nyttig for miljøet! Lag gjerne fleire nett når du først er i farta! Og premien er svært bra, 5 stk. 50centimetarar frå Primula Design, etter eige val. Lever nettet/a til leiaren innan maimøtet. Det er deltakarane på mai-møtet som vel ein vinnar.

Bøker i biblioteket: Har du bøker liggande heime? Ver snill å ta dei med på neste samling, slik at vi får ei oversikt. Som nemnt på forige møte vurderer ein no kva ein skal gjere med boksamlinga i framtida, fleire alternativ er nemnde, og ingenting er bestemt enno.

Hugs paintstick-kurset onsdag i vinterferieveka!

På marsmøtet vil dei som ønskjer det få rettleiing i bruk av, bloggen. Austrheim skule stiller maskiner til disposisjon, og det takkar vi for!

Elles så ventar vi på innbyding til regionstreffet i Førde. Vonar det er i kjømda før marsmøtet.

Obs, oppdatering: Fann skjema for regionstreffet på Luster si heimeside. Ser at det er Helle Løvenskjold som skal halde foredrag. Det var ei positiv overrasking!

3 kommentarer:

  1. Hei Elin! Ditta e flotte greier, d funka kjempefint. Greit å finne info.Kjempebra jobba.Go ferie helsing Janne

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå kva andre styrer med, sjølv om ein ikkje alltid får tid til å gjere så mykje sjølv. Fint med linkane til andre quiltesider.
    Kjellrun.

    SvarSlett
  3. Ja dette er helt supert!! Flott at du kan holde oss både oppdatert, og supert med alle linkene... her er det mye inspirasjon å hente! Håper å få sydd litt i ferien, kanskje blir det handlenett..???
    Kari Eide

    SvarSlett