søndag 13. desember 2009

Julemøtet!

Då er vi ferdige med 09-møta. Desembermøtet blei markert med graut og litt ekstra kos, song, lotteri, "berre forsyn deg med gamle quilteblad m.m.". Sjølv om vi ikkje hadde nisse, hadde alle med seg ein pakke, og så gjekk to frå styret rundt og delte ut ein pakke til kvar. Ja, så hadde vi vis og fortel som vanleg. Skikkeleg triveleg kveld med ca. 35 frammøtte!


Liv Ingunn sin kaleidoskop-løpar.

Her har ho laga ein ekstra lekker adventsløpar (eller er det all round?) med omvendt applikasjon.

Dei som har prøvd å få tak i kroklisser siste månaden, har måtta slite. Grunn: antakeleg AnnaKa sin løpar frå Quiltemagasinet.
Her har vi ei Gingham-jente som kosar med katte sin. Artig veske i møbelstoff bl.a.

Nyfrid med adventsduken sin. Andre som har hatt trøbbel med måla på denne duken, lurte ho på.
Reidun med lang, lekker kjøkkengardin.

Edny med adventsløparen sin.
Marie hadde med mykje flott denne kvelden. Her er bargello-løparen, som ho held kurs i.
Adventskalendar?
Marie syr roseteppet til Ann, det blir alldeles nydeleg!


Detaljar frå teppet.
Studie...
Kari med kaleidoen sin.

Ny vri på Lone Star!
Svanhild sin blå bargello.
Det enkle er ofte det beste, sjå kor lekkert!
Janne held seg framleis i den lyse delen av fargeskalaen.
Ny vri på Ann si veske, her med strykemotiv.
Margrethe si nydelege brikke, her med omvendt bretteteknikk.
Annlaug si kaleido-pute.
Sonja har boltra seg med motivstoff og omvendt applikasjon!

Fleire dekkebrikker med utklipt motivstoff.
Lurer på om det er Else P. som lurer bak denne løparen?
Desse brikkene hadde vi "kurs" på tidlegare i år, her har Laila sydd grøn variant.
Framleis Laila, er det frå Quiltemagasinet?
Og her er ho ferdig med ein tredjedel av sin Butterfly Garden. Utruleg flott!
Trur dette er Kari S. sin løpar.
Reidun med adventskalendaren sin.
Anna har laga mange slike brikker og gitt til julemesse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar