torsdag 2. desember 2010

Desember-møtet: Vis og fortel

Det var ei utruleg mengde flotte arbeid som blei viste denne første desemberkvelden. Mykje av arbeida skriv seg frå aktivitetane vi har hatt denne hausten, både på klubbkveldane og på kurs.
Først her er Inger sin twister eller square dance.
Og under her ein koseleg løpar.

 Inger er litt "retro", og har her funne ein gammal brodert løpar som ho har sydd seg veske av. Skikkeleg kult!

 Janne gjorde ferdig denne adventsløparen. Hjarta er laga i krympestoff.

 Pose etter inspirasjon av Ann sitt kurs i juni, dette er Margrethe si utgåve.
 Inger har sydd heile 4 AnnaKa-posar til å putte julegåver i.
 Margrethe sitt juleteppe, desse englane har vi vel sett på løparar før?
 Kari har strikka mange jule-kuler, inspirasjon frå Carlos-boka, men eiga oppskrift, som vanleg!
 Sjå på detaljane på denne vennskapsveska til Annfrid!
 Anna med enkle, men veldig fine spisebrikker, motivstoff, lin, enkel kvilting, fint bakstykke (batikk).
 Nærbilete av ein av plast-pungane til Annlaug. Dette er kjempepraktisk, tenk å sjå kva som er inni, sleppe å leite!
 Jorunn har sydd fleire modellar etter kursaktivitetane i haust, vennskapsveske og syboks.

 Liv Ingunn sin adventløpar.

 Solveig med løpar, vennskapsveske og syboks.
 Laila sitt julehjarte!
Produksjonen er imponerande. Kor heldige vi er som har slik ein flott hobby! Ein treng aldri kjede seg, det motsette er vel tilfelle, ein ville gjerne hatt fleire timar i døgeret. Vi er vel priviligerte! Kanskje vi skal tenkje på det, no når Thanksgiving nettopp har vore feira i USA. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar