onsdag 1. desember 2010

Juleavslutning i GLQ, 1. desember 2010

I overkant av 20 damer trassa 12 kuldegrader ute, og møtte på juleavslutninga 1. desember. Det var ein svært inspirerande kveld. Sy-aktiviteten var julekort, og Liv Ingunn hadde gode inspirasjonar å tilby. Om ikkje så mange hadde med symaskina denne kvelden, blir det nok sydd julekort i mange hus i vekene som kjem!
Som i fjor, hadde vi julegåver til kvarandre. Kvelden starta med gløgg, seinare var det julebrød, heimelaga snurrebollar og småkaker. Vi har ein filosofi som tilseier måtehald og gjere ting enkelt, og det ser ut til å fungere godt.



 Margrethe hadde sydd nokre nydelege kort, desse er frå Vis og fortel.



Fleire innlegg frå klubbkvelden kjem seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar