torsdag 6. januar 2011

Januarmøtet, tema handsaum

Det første temaet i det nye året var handsaum. Medlemmane var oppfordra til å ta med seg gamle og nye ting sydde for hand. Dette var eit tema som engasjerte! Så mykje artig og fint vi fekk sjå! Dei fleste syr over vanleg papir eller frysepapir, papp er ikkje brukt hos oss, trur eg. Så er vi nokre som "syr på strek". Begge deler blei demonstrert på klubbkvelden. Det første biletet viser sekskantblomane til Torill, mykje i homespun kvalitet (vevde stoff). Med 3 rundar kring sentrum kan stoffbunkane få bein å gå på.

Kari E. hadde med seg eit arbeid i japansk bretteteknikk som blei sekskanta. Kanskje du kunne vise dette ein gong, Kari?
Kari S. hadde funne fram eit gammalt prosjekt med skjell. Desse stamma frå eit kurs med Patricia Iden på 90-talet ein gong. No er jo desse skjella moderne igjen, har sett fleire amerikanske bloggar der dette er på topp no, men dei har kanskje ei anna plassering. Skal sjå om eg kan finne ein link.


Leiaren vår, Inger, har sydd for hand i mange år, og her ein løpar ho har brukt mykje, svært utradisjonell i fasongen.
Desse sekskantane i restestoff har ho applikert på eit bakgrunnsstoff.
Sekskantar i lyse og mørke striper er ein måte å gjere det på.
Bestemors blomehage, store blomar i eit flott, handkvilta sengeteppe.
Annlaug har sydd kuber for hand, dette er tre diamantar sydd saman i eit visst system slik at det får djupne-effekt.
Laila E. syr stjerner over papir. Dette kunne likne litt på Buggy Barn, men er to-farga. Veldig fint!

Dette biletet må de ta ein nærare studie av! Folk studerer, kjenner på, ei står og strikkar, engasjementet er stort! Plakaten hang tilfeldigvis på dette bordet...
Elin syr trådsneller (spools) på strek. Handkvilting pågår...
Blomsterhage sydd på strek, med restestoff av prosjektet med åttebladroser under. Dette har vore eit sy-saman-prosjekt med den skandinaviske yahoogruppa TSQ, der mottoet har vore "ein blome kvar onsdag". No er det samansying som pågår.
Alle blokkene i dette månadsteppet frå Lappemakeriet er klare til montering. Nokre av blokkene er sydde over papp, men då eg lært på-strek-metoden, fann eg ut at det var mykje meir handledd-vennleg.
Kari E. har fått desse formene frå USA, desse er geniale i og med at ein får både klippestrek og systrek!
Annlaug viser lur stryke-metode.
Til slutt ei lenkje som Anna viste til,  der ein kan få kjøpt smarte ting til sekskant-saum  http://www.quiltsmart.com/

1 kommentar:

  1. kjekk kveld, og kjekt å sjå på bloggen etterpå!
    Inger

    SvarSlett