torsdag 6. januar 2011

Januarmøtet, vis og fortel

 Godt nytt år! Her er Vis og Fortel frå januarmøtet. Mange hadde "gitt vekk alt", så det var ikkje så mange produkt som det pleier å vere, naturleg nok. Her er ting som blei viste fram: Anna sitt flotte sengeteppe, alldeles nydelege stoff, og eksklusiv kvilting frå Gla'lappen. Anna hadde på seg eit fantastisk flott sjal som ho hadde fått av eit barnebarn.
 Grethe hadde sydd ferdig ein topp med pinwheel-blokker i ein veldig lur teknikk: to stoff rette mot rette, sy rundt dei 4 kantane, skjer opp diagonalane, og vips....
 Reidun har hatt mykje arbeid med AnnaKa si sykurs-veske. Fantastisk arbeid!


 Else Pernille viste fram to fine og artige ting, først denne lekre adventsløparen, og Friele-veska litt lenger nede.
 Svanhild har sydd eit veggoppheng i år og, vi kjenner att AnnaKa sin adventskalender.
 Lyse, lekre løparar i "Løparpåeinkveld-teknikk".
 Dette var kveldens store overrasking, tenk å sy veske av kaffiposar! Skikkeleg stilig var det!
 Herleg kaffimat som vanleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar