onsdag 30. mars 2011

Vellukka kurs med Bettina Andersen

Forrige helg var 12 damer samla til kurs. Her var temaet maskinbroderi,- fortrinnsvis frå bilete. Her er eit eksempel på det Bettina hadde med seg og viste fram:

Dette er eit bilete ei av kursdeltakarane frå Eid (Torunn) lagde sist ho var på kurs med Bettina.
Som vi ser har ho nytta små stoffbitar og garn i ulike kvalitetar. Dette har ho lagt oppå forsvinningsplast. Så legg ho slik plast opppå alt i saman og syr med stoppefoten. Det var berre såååååå lekkert!

Dette biletet laga Ingunn (primula-ingunn frå Eid) nesten ferdig. Dei andre sine arbeid reknar eg med vi får sjå på klubbkveldane når dei blir ferdige,- men eida-damene sine veit vi jo ikkje om vi får sjå, så dette måtte vere med no.

Her har Bettina knytta saman to ulike stoff med å legge plast over og under og sydd imellom.

Her har Bettina lagt plast over eit batikkstoff, teikna med tusj, og brodert med maskin. Anna lagde eit slik også, reknar med ho tek det med neste gong!




Her er ei veske som er sett isaman av små hekla prøver, eg trur her var litt strikk også. Så har ho sydd og pynta med maskina. Den er knalltøff!


Her fortel Bettina om ulike teknikkar. Veldig kjekt kurs!



2 kommentarer:

  1. Flott innlegg, Inger! Dette var eit forløysande kurs for meg, tykte det var utruleg kjekt. Synd ikkje fleire fekk det med seg!

    SvarSlett
  2. Hei alle quiltedamer.Ser ut som det har vore eit artig kurs å vera med på. Håper vi får sjå mange bilder på klubbkveldane framover??

    Liv

    SvarSlett