torsdag 7. april 2011

Klubbkveld 8.april 2011

På onsdag var vi samla til nytt treff,- ikkje så mange denne gongen, men utruleg mykje fint vart vist fram. Mange hadde gjort ferdig klubbaktiviteten forrige gong,- "Birmingham veske".

Her er Kari si.

Her er Jorunn si!

Her viser Svanhild fram ein løpar som Marie har laga til "Trapp ned" i Førde Svanhild har laga babyteppe. Ho har funne figurane i eit gamalt quilteblad, og så har ho utfolda seg med artige detaljar! Og jammen har ho ikkje laga gardinkappe attåt også!
Solveig har laga veska i dongeri, denne har dottera sagt at ho vil ha!


Og Reidun har laga den i rolege fargar


Annfrid har laga bilete etter at ho var på kurs med Bettina. Det er mykje finare enn det ser ut til her!


Og her har ho laga bilete av den store eika i Jølet. Med krympestoff, maskin og handbroderi. Sjå på den flotte skuggelegginga!

Janne har laga "Mug rugs". Klubbaktivitet til hausten???? Fin presang-ide i allefall!



Og Janne har laga meir ho,- toalettveske og sminkepung i same stil


Gjenbruk,- kven skulle tru det ? Dei smale strimlande som vart tilovers vart sminkepung!


Og endå ei Birmingham veske!


Og Elin kan gjerne smile! Sjå kor fine bileta vart! Elin var altså med på kurset til Bettina.

Legg merke til monteringa, desse passar fint ilag. "Bua på Rygg " frå 2003 er no gjort ferdig!


Kari viser oss korleis ho syr restar på avispapir. Dette må vi også gjere i haust,- ikkje sant???


Svenskeveska!


Eit flott teppe må ha signatur og årstal -


Dette har ho handquilta ! Korleis får du tid Kari????


Her har Anna lært å teikne på forsvinningsplast, og sy opp på den,- og så vart det den lekre veska.
Ho var veldig fornøgd med kurset til Bettina!

Her har Anna laga eit nytt stoff av garnrestar og brudekjole (!). Dette skal bli ei veske som vi gledar oss til å sjå!


- og den lekre veska då!


og så har ho laga 6 spisebrikker til våren!


og så har dama det så travelt at ho kom forsyne meg for seint til konkurransen vår! Der skulle denne løparen ha vore med !



Jorunn har laga nydeleg putetrekk til vesle Nicolay



Her kjem bidraga til konkurransen: "kven lagar den finaste vårløparen?"


Annfrid

Janne


Kari. Vi hadde også ein ekstra konkurranse,- kven klarer å tippe kven som har laga kva for løpar??? Denne klarte 11 av 13 som leverte inn svar å tippe rett!


Liv Ingunn,- her er også ein teknikk vi må lære oss,- ikkje sant?


Kari


Inger


Liv Ingunn


Jorunn


Annfrid sin vinnarløpar. Gratulerer!


Her studerer folket på kven som er finast og kven som har laga kva.



Elin


Liv Ingunn fekk 2.plass med denne

Tusen takk til alle som leverte inn produkt!!!



4 kommentarer:

  1. Flott referat, Inger, du e go'.

    SvarSlett
  2. Er så imponert! For eit utval av fantastisk flotte løparar og vesker!!

    SvarSlett
  3. Flott å se alt det fine her på bloggen! Bra Inger, du får det til-og så rask som du er! Imponert over kvaliteten, Vi er flinke!!
    Kari R Eide

    SvarSlett
  4. Ein skikkeleg kjekke klubbkveld. Gleder meg til klubbkvelden i mai. Håper mange tek med seg produkt til å vise gjesten vår.

    Mvh Liv ingunn

    SvarSlett