søndag 15. mai 2011

Klubbkveld 25.mai

Hei alle!


Det nærmar seg neste klubbkveld. Som vi har informert om tidlegare, får vi denne kvelden besøk frå Tyskland, Dorothea Schultz, ei ivrig lappedame. Vi oppmodar alle medlemar om å ta med seg arbeid de held på med eller som er ferdige,- og vi lagar ei lita utstilling ! Ta med arbeid du har vist før,- det er berre kjekt! Dorothea tek med seg arbeid og kanskje nokre varer for sal, og fortel om desse.


Torill har med blonder og div. frå "Ronny Rør" som vi seier på Sørstranda, her får vi rabattar. Jann kjem med kassa frå "Primula", og vi får eit utval stoff frå "Trapp Ned".


Styret lagar til kaffimat, og vi håpar at vi får ein triveleg inspirasjonskveld i lag!


Vel møtt !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar