søndag 5. juni 2011

Klubbmøte 25.mai og utstilling 4H !

Først nokre få bilete frå utstillinga som 4H medlemane hadde laga på Byrkjelo 28.mai, isamarbeid med Janne, Liv Ingunn og Margrethe. Reknar med at alle las den flotte artikkelen i Firda Tidend. Fantastisk reklame for aktiviteten og klubben vår!








Så kjem nokre bilete frå siste klubbkvelden i vår. Det var godt oppmøte,- mange hadde med seg mykje fint vi andre kunne studere, og styret hadde laga mykje godt kaffiknøys. Her var høve til å handle stoff frå inn og utland, blondar og dill dall.



Dorothy Schultz hadde med seg mykje spennande. Ho likar godt lyse, lekre fargar !


Her har Torill laga mykje fint!


Frisk veske frå Dorothy !



Her har Dorothy brukt femkantar i kombinasjon med diamantarforma. Denne var kjempelekker,- berre to ulike stoff trur eg, men vart ein spennande effekt.

Sekskantar syr dei altså mykje i Tyskland også! Dorothy hadde laga alle desse no i norgesopphaldet,- veret var ikkje heilt slik som berekna. Dette skal bli eit teppe.



Og her eit neste ferdig teppe,- det blir berre lekkert! Minner meg om sukkertøy!



Og her,- pastellar, og mange teknikkar i same teppe. Artigt ho brukar den same teknikken som Kari S viste oss den kvelden vi hadde papirsaum ! (nederst)


Her har ho laga vesker med motivstoff i knallfargar. Ho hadde med seg materialpakkar for sal også,- det blir spennande å sjå dersom fleire lagar slike!



Her veit eg ikkje kva vi skal kalle denne "boksen". Trur Jorunn kjøpte ein slik materialpakke,- skikkeleg tøft iallefall!


Her også ei stilig toalettveske.

Vi seier tusen takk til Dorothy for eit spennande besøk. Og veit dokke ka? Ho hadde laga nokre spennande små gåver som ho ville gje oss,- ho hadde tenkt ei på kvar,- men så var vi så mange som møtte opp, at der var ikke nok! Desse loddar vi difor ut til hausten! Tusen takk Dorothy,- og lukke til vidare i lappelivet!


God sommar damer,- og send gjerne Inger eller Else eller Elin bilete dersom de tek nokre flotte bilete som de ønskjer skal leggast ut. Vi skal legge ut meir informasjon når turen til hausten er i boks. Kjekt viss det skjer noko på bloggen av og til,- så ikkje ver redde for å sende oss bilete!



2 kommentarer:

  1. Aktivt quiltelag dere har;) Lykke til og god sommer;)

    SvarSlett
  2. Flott innlegg! Det var en super kveld! Takk til alle som bidro. God sommer til alle, og god sying i sommer!
    Kari Eide :)

    SvarSlett