tirsdag 2. august 2011

Startarar og sluttarar og syterapi!

 Denne sommaren går vel over i historia som ein av dei verste i vår historie, sett i lys av kva som har skjedd her i landet med terror. Då kan det kanskje vere litt terapi å sy i veg, utan å tenkje for mykje...Sjølv har eg Siste natt i Twisted River på spelaren (det er ei laaang bok), og durar i veg på 36-blokkene til CrazyMom.
Gå til Lappetausa og les om dette, om du er interessert!
Leaders and enders, kan det bli startarar og sluttarar, eller skal vi finne eit betre norsk uttrykkk? Uansett så er det Bonnie Hunter sin ide. I staden for å bruke ein dobbel stoffbit i starten (som mange gjer for at maskina ikkje skal ete tråden), som deretter går i bosset, kan ein planlegge litt, kutte stoffrestar i høvelege bitar til blokker (t.d. 2"bitar), ha dei klare ved maskina og mate inn mellom anna sying. Då opplever ein det fantastiske at ein ikkje får tråd-endar, men bonusblokker på kjøpet! Når du er ferdig med noko du skal sy, matar du inn ein "sluttar", halvsyr han, så blir han "startar" neste gong. Eg har hatt Bonnie si bok i fleire år, men har ikkje kutta opp stoffbitar. Då eg begynte på dette siste prosjektet, fann eg ut at restane her kunne brukast til mindre blokker. Det ligg fleire bilete på bloggen min av dette. For ei tilfredsstilling, nesten ingenting i bossbytta, og ingen trådendar som viklar seg inn i stolhjula, og så økonomisk...!
Vil du sjå boka mi? Eg skal ta ho med på klubb-møte.
Helsing Elin.

1 kommentar: