I tillegg til at Liv Ingunn vil vise klemmepung, så vil Torill vise oss korleis ho har laga boksane sine. Vi har ikkje bilete å vise fram no, men de har sikkert sett at Torill har hatt dei med seg. Ho har laga materialliste i to storleikar.
Liten: Framsidestoff 17 cm x 17 cm (botnen) + 12 x51 cm (veggen). For og platevatt i same mål. Lukkekant 55 x den breidda du vil ha. (ønskjer du lukkekant både oppe og nede, så kan du lage det)
Stor: Framsidestoff 22 cm x 22 cm (botnen) + 31 x66 cm (veggen). For og platevatt i same mål. Lukkekant 70cm x den breidda du vil ha. (ønskjer du lukkekant både oppe og nede, så kan du lage det)
Elles treng du symaskin og tråd.
Evt. pynt etter humør !
Ypperleg til oppbevaring på badet, eller sy i julestoff til å ha nøtter i, lag endå større til brødkorg.
Det blir spennande å sjå kva vi kan trylle fram på onsdag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar