Det er vanskeleg å lage dette blogginnlegget,- vi fekk så mange inntrykk og ei slik fantastisk oppleving at det er vanskeleg å finne dekkande ord. Likevel dristar eg meg til å legge ut nokre bilete (vi har fått lov med dei) - og seie tusen takk for ein strålande dag !
Sølvgaffel og høygaffel side om side var eit uttrykk som vart brukt om korleis dei har miksa og sett saman interiøret.
Dei er opptekne av kontrastar ,- slik som vi ! Dei blandar kvalitetar, silke, brokade, ull og lin i skjønn blanding. Heilt sant!
Trappa til mørkeloftet tente som hylle til baderommet,- som var bittelite !
Møblane var trekte med ein nydeleg ullkvalitet,- og ulike nyansar på kvart møbel.
Her var også ein liten krok,- sjå kor fint samansett,- ikkje for mykje, ikkje for lite
Ser skikkeleg fint ut. Dåke har nok hatt ein kjempedag.
SvarSlettMvh LIv
Så flott at de fekk oppleve ein bit av sunnfjord. Er litt stolt av å kunne sei at eg sprang litt omkring i tunet der på Åmot gard i min barndom på 50 talet. Hugsar dei ulike personane som budde der då.I tillegg har eg vore innom og fått med meg den vakre kombinasjonen av nytt og gamalt no.
SvarSlettHelsing NKDLN