lørdag 17. mars 2012

Kurshelga, mars 2012

Kurshelga ligg allereie ei veke bak i tid! Her kjem nokre glimt frå aktivitetane. Vi hadde 4 modellar å ta utgangspunkt i, og alt hadde 2,5" striper som basis. Her er ein "chimney log cabin" som Else har begynt på, alldeles lekkert. Ikkje lett med skrift-stoff i slike prosjekt.

 Torill T. kom godt igong med blokker til eit teppe eller kanskje ein duk.
 Elin sine blokker til who knows what..
 Kari E. er som vanleg superrask og fokusert, og som vanleg fargerik! Det var diskusjon om lyse eller mørke trekantar til bakgrunn.
 Resultatet blei forskjellige svarte stoff i bakgrunnen. Fantastisk flott.
 Denne vesle duken var veldig morosam å sy! Ein lærte seg teknikkar for både skjæring av diamantar og trekantar. Denne første er vel Grethe si utgåve.
 Anne si utgåve.
 Kari E. si utgåve (ja ho fekk tid til det og...)
 Elin si utgåve. Kommentar: Etter råd frå Inger i klubben, blei denne te-farga i ettertid.
 Anna si utgåve.
 Kari S. si utgåve.
 Elin sin løpar av ein jellyroll som har lege i skuffa i årevis.
 Den gylne remsa er Anna si.
 Vår nyvalde leiar, Marie, i arbeid med skorsteinsloggane.
 Kursansvarleg Annlaug i arbeid med sin...
 Ein må ha tunga beint i munnen med diamantane!
 Svanhild studerer... I bakgrunnen to av Hanne sine modellar.
 Det før nemnde skriftstoffet til Else skapte ein del hovudbry. Hanne ligg på alle fire, og Else studerer...
 Anna storkosar seg med kurs, stoff og si fantastiske Janome!
 Gladgjengen samla ved lunsj laurdagen. Maten var veldig god, som vanleg.
 Hanne blir høgtidleg takka for ei triveleg og inspirerande  helg full av kviltevitaminar. Ho fekk eit nydeleg treskrin laga av  S. Åmodt på Sørstranda. 
 Svanhild sitt førebelse resultat.
 Marie sitt...
 Annlaug sitt...

 Svanhild laga deilig nøttebrød til begge dagane.
 Tropisk Aroma-kaka med pynt av kornblomster finn ein oppskrifta til her.


Litt anna enn 2,5"-striper:
 På oppfordring hadde Kari med seg sin fantastiske Bonnie-kvilt, Orca Bay. Det var mysterieteppe jula 2011.  Ho demonstrert også bruken av dei kjempesmarte linjalane ein bruker i slike prosjekt med masse trekantar og flygande gjeser. Mønsteret til denne kvilten ligg her. Nytt høvet å surfe rundt på Quiltville, her er masse, masse.. og det er restar som er utgangspunktet.


 På baksida har ho stitcha eit utval av gode "sayings" eller ordspråk. 
Ei stor takk til styret for organisering av ei vellukka  Qvitamin-helg!

2 kommentarer:

  1. Så gøy å se! Dette var en fantastisk super helg og vi som var der var storkoste oss! Fine bilder! :)
    Kari E

    SvarSlett
  2. Ja,eg ser at det har hatt det superkjekt. Blir spennnande å få sjå alle produkta tilslutt. Gleder meg.
    Mv Hliv H.

    SvarSlett