mandag 12. mars 2012

Litt diverse

Florø Husflidslag arrangerer super kurshelg i april. Sjå her!
Alle hugsar vel Wenche som var her på regionstreffet vårt. Ho er verkeleg ei stor kjelde til inspirasjon via butikken sin Northern Quilts. Ho designar sjølv, har daglege oppdateringar på sin eigen blogg, og har eit stoffval i butikken sin som imøtekjem dei kresnaste av oss. Biletet er lånt frå Northern Quilts.
Eg ser av påmelding til denne kurshelga at dei tek imot ikkje-medlemmar også, og at ein kan velge ein, to eller alle tre dagane. Dette må vere eit bra alternativ denne våren, sidan det ikkje blir arrangert regionstreff i Sogn og Fj.

******************
Kan også minne om årsmøtet i NQF, som vert halde i Bergen komande helg. Om ein ikkje har meldt seg på her, men har lyst å snuse på atmosfæren, sjå utstillingar, shoppe (der er sååå mange freistande butikkar), går det an å betale dagbillett. Dette gjeld også for ikkje-medlemmar.

************

Vi har hatt ei kjempehelg i klubben vår med kurs med Hanne Schneider. Det var bokstavleg tala "VitaminQ"  i store dosar. Triveleg stemning, godt arrangert av styret! Det kjem oppdatering på bloggen seinare.
Det er synd at ikkje fleire nyttar seg av slike gode tilbod. Vi har slite med påmelding til kursa våre i fleire år. Vil vi ha slike kurs?? Spør du meg, så seier eg JA! 
Kursa vert annonsert i god tid, så det skal vere greitt å planlegge. Det er veldig behageleg med 11 deltakarar, reine luksusen, men fleire burde kaste seg over kursa våre. Det krev mykje arbeid og planlegging av styret, og då er det inspirerande om folk støttar opp om det. Lita intersse, ingen kurs, det er eit økonomisk spørsmål.

Til hausten kjem Helle Løwenskjold, kursleiar vil informere om det på aprilmøtet!

*********************

Nordfjord Lappe- og Quilteklubb på Eid arrangerte sitt årsmøte denne helga, med AnnaKa som kurshaldar. Eidarane har årsmøtehelga som det store høgdepunktet i året, med årsmøtefrukost på hotellet, og ein dyktig kurshaldar for resten av helga. Les meir om dette her og her.

******************

Til slutt litt meir inspirasjon! Har du sett bloggen til  Helena på  Syverkstan i Sverige? Ho hadde Crazy cats som gratis månadsblokk i 2011, og i år har ho Crazy dogs. Fin strek, enkelt og greitt!


Ha ein fin dag! Helsing Elin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar