mandag 12. mars 2012

Mars-møtet 2012

Her kjem nokre glimt frå siste klubbmøte!
Dersom nokon av arbeida får feil adressat, så ver vennleg å gje beskjed.

Først ut er Annfrid med sin utruleg flotte quilt med mange teknikkar. Her har ho verkeleg utfolda seg!

  
Eit nydeleg resteteppe har ho også laga.
 Ein ny og delikat løpar frå Annfrid si hand. 

 Grethe har surfa på nettet, og funne mykje artig på Missouri Quilt, sjå lenkje i høgre marg. Her blei det 2 forskjellige produkt av dei same stripene, og ingen restar (torer vi å tru på det...?)



 Svanhild viste fram si tolking av Annie Downs si Angel Story. Nydeleg gjennomført i rosa.

 Kanskje var desse cup cakes-brikkene også laga av Svanhild?


 Marit har laga eit alldeles nydeleg bilete, beklagar sterkt at det blei eit uklart shot!
 Inspirasjonen fann ho i dette bladet.

 Kari S. har laga ein super løpar med rundingar, det går trill rundt....
 Annlaug viste fram denne openberringa! Her er utruleg mykje flott handverk. Skal tru kven som har designa dette?

 Janne har sydd eigedesigna symaskincover. Skulle ønskje du kunne lage eit mønster på dette, Janne! Det er ok at du seier at det er enkelt, men nokre av oss treng teskei-metoden!
 Denne toalettmappa har fleire laga, veldig populært mønster frå AnnaKa.
 Liv Ingunn slår til igjen! Her har ho designa si eiga store veske av ei dongeribukse. Veldig tøft og praktisk. Noko vi kunne få lære...?
 Tema for kvelden var Meshwork/fletteteknikk med Siv Englund Smørdal.
 Dette er ikkje det enklaste vi har prøvd, og vi treng oppfølging på aprilmøtet! Trur det kan bli "ei feme" når ein først har knekt koden, noko underteikna slett ikkje har gjort endå...
 Siv si veske med Meshwork, veldig flott!

 Så var det kveldens kaker, som vanleg nydeleg!

1 kommentar:

  1. Utrolig kjekt å se alt fint som er blitt laga, fikk ikkevære på møtet, så eksyra bra å se det her! Kari E

    SvarSlett