lørdag 28. april 2012

4H-gruppa Zting

Sist helg hadde 4H-gruppa Zting samling på ungdomsskulen. Kjekke og flinke jenter frå fleire bygder i kommunen er med i denne gruppa, nokre av dei er med på andre året, medan nokre er nye dette året. 

Det er Liv, Margrethe og Janne som er leiarar i denne gruppa, og dei legg ned stort engasjement og mykje tid i dette friviljuge arbeidet. Det er verd å merke seg at det kjem eit eige 4H-hefte som desse damene har laga! 
Jentene lærer grunnleggande symaskindugleik, skjæring, lappeteknikk, angelina, paintstick og å sy enkle klede m.m.
Materialet kjem frå Primula/F.R. Jørgensen, og Gloppen Lappe- og Quilteklubb har sponsa ein del utstyr. Symaskiner har jentene med sjølve.

Her kjem biletglimt frå sist laurdag!
































1 kommentar:

  1. Oj, so månge flotte bilder :D Og kor flinke desse 4H jentene e!! De som instruktørar óg. Det varmar eit kreativt hjarte at de lærer dei unge det de kan :)

    SvarSlett