onsdag 5. september 2012

Klubbkveld i september

Temaet for kvelden var japansk bretteteknikk, og her hadde Marie og Kari S teke med seg skattar som dei lagde for nokre år tilbake.
 
Vi startar høgtideleg med Janne sine folda hender på ei nydeleg brikke sett saman av to ulike storleikar på firkantane.
 
 
 
Marie viste oss først den vanlegaste varianten, og så fekk vi demonstrert sirupsnippane, og fekk utdelt malar.


Kari S viste oss her ein nydeleg kombinasjon av små og store firkantar i Karifargar.


Ho hadde også med ei veske som var lagra for nokre år sidan,- heilt dagsaktuell !


Og vi måtte ha med sakseetuiet som Anna viste oss for eit par år sidan,- så fint!

Liv Ingunn har veskedilla enno,- og her har ho sydd seg to til,- den siste av dongerilommar, med mykje artig krimskrams på.
 
 
 
Her også arbeid i dongeri, dette skal vere på gyngestolen.
 
 
Kari har sydd eit fantastisk teppe med to ulike blokker,- ei stjerneblokk og rådhustrapp.  Heilt ubegripeleg kva den dama får til!
 
 
 
Og Janne har laga Tilda dokker!  Så lekre!
 
 
No blir det ikkje meir i kveld,- men vi har meir frå kvelden på lager.  Det kjem nytt innlegg snart, med Else Pernille si krydderkake og andre godisar!

2 kommentarer:

  1. Flott, inger, gledar meg til framhaldet!

    SvarSlett
  2. Så mange flinke damer, altså. Her ser vi at vi har funne våre spesialiteter. Liv med veskedilla og Kari med sine fantastiske tepper. Japansk bretteteknikk kan brukast til utruleg mykje. Absolutt mykje bra og vi burde nok vist oss fram i lokalmiljøet litt meir. Søndagskafe med utstilling ,hadde kanskje vore på tide. Mvh Liv med veskedilla.

    SvarSlett