torsdag 7. mars 2013




Ein flott og kjekk klubbkveld i Gloppen Lappe-og quilteklubb på Ungdomsskulen onsdag 6. mars. "Søjen" gjekk godt og eg trur alle hadde det riktig så triveleg. Tema denne kvelden var gryteklutar og nokre sydde på maskin, andre med håndsaum, stansemaskina var i bruk og så var vi så heldige å ha Berit Mjåseth på besøk. Ho selde stoff, vatt og andre saker og ting, som er fine å ha til våre syprosjekt. Her kunne ein få nokre gobitar til ein kjekke pris.



Vis og fortel har vi kvar gong, og eg fekk ikkje alt med meg, men eg trur Torill har sydd denne. Rett meg om det er feil.  Denne blir flott å ha på bordet til påske og våren.



Her er det Kari S. som har laga eit flott stichery, med nydelege stoff rundt.  Og Inger er så fin der ho sit i bakgrunnen.


Så har det vore nybegynnar kurs og Randi Berit har sydd denne toalettveska. Skikkeleg spreke stoff dette her. Kjekt med rekrutering til klubben.


Eit lite utvalg av gryteklutar. 


Det var fleire som viste blokkene dei sydde på kurset med Hanne Schneider i helga, og desse har Margrethe sydd. Blokka til venstre trur eg er sydd av ca 180 bitar. Blir spennande å sjå kva vi får til av blokkene etterkvart.


Margrethe sin nye vårløpar. Ho held på å få våren inn på kjøkkenet i heimen. Blir det ikkje vår ute, så kan vi ha det inne. 


Sonja har sydd ein fin tulipanløpar etter eit Annaka mønster som stod i siste Quiltemagasinet. Ein riktig gladløpar.


Kari E. har sydd denne spenstige og friske veska her.  Weekendbag eller kanskje ho skal ha den med på båtturen til sommaren?


Eit lite glimt av Berit og det ho hadde med seg frå butikken sin i Askvoll. Alltid kjekt å få besøk på klubbkveldane. Det gjev oss god inspirasjon.


Dotter til Kari E. skal bruke denne  veska når familien skal på båttur(Hellas) til sommaren. Dette trur eg er eit mor og datter prosjekt. Kari syr og Aurora har ideane til korleis ho vil ha veska si.


Her får de sjå den andre sida på veska. Flott, ikkje sant??


Marie har hatt nybegynnerkurs og har sydd modeller til det. Fin løpar.


Og ein løpar til. Tilda stoff.


Motivstoff og vindmøller , også til nybegynner kurset.


Babyteppe sydd av Marie.


Denne toalettveska er også modell, laga av Marie til kurset.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar