tirsdag 5. mars 2013


Kurs med Hanne Schneider 1.-3. mars på Gloppen Ungdomskule.

Vi var tilsaman ti glade damer som var samla med Hanne på kurs i helga.
Startskuddet gjekk kl. 18.00 på fredag kveld og vi hadde knapt tid til å avslutte denne første kvelden og helga gjekk så altfor fort. Dei fleste av oss har sydd lite av slike småblokker før, men eg trur vi alle fekk sansen for dette og har fått ei god innføring og ein god  start på denne syteknikken.



Duk i Dear Jane blokker. Nydeleg buekant rundt.


Nearly Insane teppet til Hanne. Eit utruleg flott teppe. Blokkene forandrar seg etter kva fargekombinasjon ein brukar. Veldig spennande.


Dear Jane teppet, også Hanne sitt. Hugsar ikkje kor mange blokker det er i det, men rundt 160 stk.??
Veldig imponerande å sjå eit slikt fantastisk quilteteppe.


Ei blokk frå Nearly Insane teppet.


Dette lille teppet er også Hanne sitt. Så som dåke ser, treng vi ikkje lage berre store tepper, men kan bruke blokkene til litt av kvart. For å nemne noko, ein kan lage dukar, løparar, ha ei blokk på veskeframstykke, puter m.m.


Og her ser dåke ein del av våre samla blokker vi sydde i helga. Tilsaman kunne det ha blitt eit teppe.
. Det fine med å sy desse blokkene er at det meste er lov. Du kan sy med hand, med maskin, på papir, på frysepapir, bruke vliseline, lage nye saumar der det er best for deg, når du skal sy, kutte ut litt på blokkene og sikkert mykje meir som eg ikkje hugsar i farten.
Eit lærerikt og spennande kurs, som er å anbefale og med ein så kjekke kurshalder, så er det null stress. Skal bli spennande å sjå kva kvar og ein lager av sine blokker til slutt.
Og ikkje minst takk til styret som fekk igang kurset og til all den gode maten, for dåke veit at uten mat og drikke, duger quiltedama ikkje.
 Takk til alle som var med for ei kjekke helg ilag.




1 kommentar:

  1. Finr innlegg, Liv Ingunn! Det blir verkeleg spennande å sjå kva dette kurset resulterer i av fine produkt, om ikkje det blir laga heile tepper. Og null stress med Hanne, det er tingen!

    SvarSlett