torsdag 25. april 2013

Våravslutning, medlemspengar og Go-kuttar.


8. mai vert det avslutting av vårsesongen hjå Åse Moen på Antikk og Rarieteter.
Tidspunkt: kl 18 til kl. 22.
Pris for bevertning: kr. 80 (hugs kontantar).
Ta med vis og fortel!
Biletet er lånt frå heimesida, sjå lenkje over.


Medlemspengar!
Ein minner om medlemspengane. Det er viktig å få dei inn no før sommaren, slik at ein kan få oppdatert medlemslista. Kontingenten er som før kr. 150. Kontonr. står i venstre marg.

Det nye styret er konstituert, og ei førebels liste over haustaktivitetar er også på plass.


Eg har eksperimentert litt med Go-kuttaren, og her er eitt av resultata. Blokka heiter Winding Roads, eller vinglete vegar. Ho er litt vinglete å sy og..., men kuttinga gjekk som smurt. 
Meir om forsøka på Lappetausa.
Eg vil absolutt anbefale å prøve denne hendige maskina.

Tur til Bergen
Ein planlegg ein Bergenstur 19. - 20. oktober, med besøk på Quiltekroken og gjerne teater/revy el. liknande.

Dear Jane
Ein planlegg også ein Dear Jane-klubb til hausten.

Då vil eg ønskje alle medlemmane ein riktig fin vår!
Helsing Elin.

3 kommentarer:

  1. Kjempe flott med både tur til Bergen OG dear Jane aktiviteter! Andre blokk aktiviteter ar vel også aktuelt!
    Kari E

    SvarSlett
  2. Dette høyrest superkjekt ut. Håper vi som syr Nearly Insane kan vera med i Dear Jane-klubben,og???
    Mvh Liv H.

    SvarSlett
  3. I love those blocks you have on here, can't remember the name, but it's on my to do list.
    Julia ♥

    SvarSlett