Mange har vel sydd Grandmother's Flower, og lurt på korleis sy det saman. Tipset her er å sy saman diagonalt, og feste 5 "path-blokker" (sti/veg) på etter kvart. På den måten slepp ein å sy hundrevis av desse kjedelege sekskantane på til slutt.
Vi ser her motiv-kutting, noko som slett ikkje er eit nytt fenomen, men som har fått ein oppsving no.
Gå inn på sida til Jo, og les om henne og om stoffa hennar. Det er Andover som produserer dei.
På Fat Quarter Shop sel dei desse stoffa. Eg trur at det er få butikkar i Noreg som sel dei, av ein eller annan grunn, men dette skal eg forske meir i. Det er synd at portoen på USA har gått så kraftig opp siste året.
Helsing Elin.
Heisann!
SvarSlettVar inne på siden til Jo Morton og så, det var omtrent slik jeg satte sammen mitt teppe med blå blomster, forskjellen er at jeg har sydd på strek - det er mye fortere, slipper det ekstra arbeidet med papir og blir like nøyaktig om du er nøyaktig!
Mvh. Kari Eide