torsdag 8. august 2013

Sommarveske

 
 
Sommarveske i plommetre!
 
 
 
Måtte berre syne dokke at eg har laga sommerveske etter bestilling frå svigerdøtra.
Ho har gått på handel og kjøpt stoff for første gong, håpar det ikkje blir den siste!  Ho ville ha ei veske som ho kunne ha på skrå over skuldra, som var plass til mykje.  Eg har prøvt å quilta ganske tett så ho skulle tole litt.

 
No håpar eg ho blir fornøgd!  Knapp får ho finne sjølv, eg veit ikkje om eg torer å sy knapphol, då pleier eg å søkje nødhjelp hjå Anne J., det er vel best eg gjer det no også.
Mønsteret fann eg i eit gamalt nummer av quiltemagasinet, men har laga ho litt større.
 
Fortsatt god sommar!
Inger

2 kommentarer: