mandag 31. oktober 2011

Besøk på Åmot operagard

Det er vanskeleg å lage dette blogginnlegget,- vi fekk så mange inntrykk og ei slik fantastisk oppleving at det er vanskeleg å finne dekkande ord. Likevel dristar eg meg til å legge ut nokre bilete (vi har fått lov med dei) - og seie tusen takk for ein strålande dag !
Sølvgaffel og høygaffel side om side var eit uttrykk som vart brukt om korleis dei har miksa og sett saman interiøret.

Dei er opptekne av kontrastar ,- slik som vi ! Dei blandar kvalitetar, silke, brokade, ull og lin i skjønn blanding. Heilt sant!
Trappa til mørkeloftet tente som hylle til baderommet,- som var bittelite !

Møblane var trekte med ein nydeleg ullkvalitet,- og ulike nyansar på kvart møbel.
Her var også ein liten krok,- sjå kor fint samansett,- ikkje for mykje, ikkje for lite
og her på same måten,- gamalt og nytt og praktisk !
Fleire grupper med gamle bilete,- her frå kjellaren, kvitkalka murveggar, ofte berre ein lysestake i desse gruppene med pynte/bruksting. Åpne øskjer med spennande "skrot" inni....
Kven har slike flotte kjellarglas?
Skål!

Bileta eg tok frå der vi sat og åt vart så mørke. Eg må sjå om eg kan få bearbeida dei før eg prøvar på nytt. Neste innlegg skal handle om Desiree. Følg med, følg med!

2 kommentarer:

  1. Ser skikkeleg fint ut. Dåke har nok hatt ein kjempedag.


    Mvh LIv

    SvarSlett
  2. Så flott at de fekk oppleve ein bit av sunnfjord. Er litt stolt av å kunne sei at eg sprang litt omkring i tunet der på Åmot gard i min barndom på 50 talet. Hugsar dei ulike personane som budde der då.I tillegg har eg vore innom og fått med meg den vakre kombinasjonen av nytt og gamalt no.
    Helsing NKDLN

    SvarSlett