Viser innlegg med etiketten Anna sine bilete. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Anna sine bilete. Vis alle innlegg

onsdag 21. august 2013

Anna sine flotte pompadurar!

Anna har svara på utfordringa om å sende bilete til bloggen. Her har ho laga pompadurar i gåve til systera og mannen, som feira gullbryllaup. 
Katedralvinduet gjer seg godt i dette prosjektet!
Anna har lova å lære bort kunsten å lage slike fine snorer!




torsdag 25. april 2013

Våravslutning, medlemspengar og Go-kuttar.


8. mai vert det avslutting av vårsesongen hjå Åse Moen på Antikk og Rarieteter.
Tidspunkt: kl 18 til kl. 22.
Pris for bevertning: kr. 80 (hugs kontantar).
Ta med vis og fortel!
Biletet er lånt frå heimesida, sjå lenkje over.


Medlemspengar!
Ein minner om medlemspengane. Det er viktig å få dei inn no før sommaren, slik at ein kan få oppdatert medlemslista. Kontingenten er som før kr. 150. Kontonr. står i venstre marg.

Det nye styret er konstituert, og ei førebels liste over haustaktivitetar er også på plass.


Eg har eksperimentert litt med Go-kuttaren, og her er eitt av resultata. Blokka heiter Winding Roads, eller vinglete vegar. Ho er litt vinglete å sy og..., men kuttinga gjekk som smurt. 
Meir om forsøka på Lappetausa.
Eg vil absolutt anbefale å prøve denne hendige maskina.

Tur til Bergen
Ein planlegg ein Bergenstur 19. - 20. oktober, med besøk på Quiltekroken og gjerne teater/revy el. liknande.

Dear Jane
Ein planlegg også ein Dear Jane-klubb til hausten.

Då vil eg ønskje alle medlemmane ein riktig fin vår!
Helsing Elin.

fredag 2. april 2010

God påske!

Her er Anna sine bilete, som ho sende over for ei stund sidan. Nydelege produkt!






mandag 16. mars 2009

Nokre av Anna sine seinaste prosjekt!

Anna har sendt over nokre vakre bilete av dei siste prosjekta sine. Her er Kari Renolen sitt slumreteppe, mønsteret kan kjøpast her. Anna har brukt mange restestoff, men også sjølvfarga, plantefarga stoff (bjørkeblad).
Eksklusivt bakstykke, nydeleg batikk frå Marie Brendefur. Slumreteppet har bomullsfor.
Nydeleg pute i Square Dance, ein presang til ein heldig mottakar ein eller annan stad i landet.

Stitchery med ramme av stripesett i same fargar som broderitråden.

Send gjerne inn bilete til bloggen!
Dei som blir tekne på klubbmøta får ikkje same fine oppstilling.