Viser innlegg med etiketten Regionstreff 2010. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Regionstreff 2010. Vis alle innlegg

tirsdag 20. april 2010

Inntrykk frå utstillinga søndag

Dette blir siste blogg-innlegget frå regionstreffet. Søndag var det utstilling både av lokale og tilreisande kviltarar. Det var utruleg mykje flott og inspirerande å sjå, og det er ikkje så lett å fordøye alt når ein går rundt og ser. Då kan ein ta seg ein blogg-runde og mimre tilbake. Tips: Klikk i biletet, og det er sjanse for at det blir større.
Lukke til!
























































Då er det berre å sjå framover eitt års tid, og ønskje Florø til lukke med treffet neste år!

mandag 19. april 2010

Foredraget under regionstreffet

Årets foredragshaldar var Wenche Wolff Hatling. Ho ga oss ei interessant innføring i reproduksjonsstoff, bakgrunn, farge, mønster, historiske fakta, kort sagt: Back to basic! Dette er fagleg påfyll som kan setje hobbyen vår i perspektiv.

Dargate-boka var utruleg viktig for ettertida!






Wenche hadde fått tilsendt nokre antikke quilttoppar frå Helene Juul i Danmark. Dette var svært interessant å sjå, blokkene er dei same som vi syr no til dags, alle dei amerikanske blokkene har namn som har ei tyding. Denne blokka er Pinwheel eller Windmill, og som ein ser, så er ikkje alle blokkene sydd riktig. Somme stader er stoffbitane skøytte for å få nok.
Chinese coin-quilt

25-blokker snudde på kant med fyllblokker mellom.
Baby Quilt
Etter foredraget fekk publikum både ta og føle på og studere dei gamle toppane, som var handsydde.

Tusen takk Wenche for det flotte foredraget, og takk til Helene som har lånt ut dei antikke quilte-toppane!